
Saka er oppdatert onsdag 5. mars kl. 09:10
Tysdag kveld samla det seg store mengder vatn på fylkesveg 55 like ved rutebilstasjonen i Høyanger, noko som førte til at vegen vart midlertidig stengt.
Einingsleiar for kommunalteknisk drift i Høyanger kommune, Geir Øyvind Hovlandsdal, fortalde da at biltrafikken vart dirigert over gangbrua ved ungdomshuset Valhall.
– Vi prøver å sleppe igjennom så mykje trafikk som mogleg der, men sidan dette er ei gangbru kan større køyretøy få problem med å passere for køyring til Høyanger sentrum eller vidare utover fylkesvegen.
Mannskap frå Høyanger kommune og Per A. Øren kom raskt til staden og jobba med å få vatnet vekk frå vegbana.
– Det er nok ein del stikkrenner og elveløp som har gått tette eller som ikkje klarer å ta unna dei store vassmengdene som kjem. No prøver vi å få renska opp i slukar og løp slik at så mykje vatn som mogleg renn vidare der, og ikkje ut i vegbana.
Yr.no meldte om 22mm nedbør tysdag og 98mm nedbør onsdag. Hovlandsdal er spent på korleis det neste døgnet vil bli.
– Vi vil fortløpande vurdere stenging av vegar, men så langt er det berre denne oversvømminga på fylkesvegen vi kjenner til. Det kan nok bli ein del tøffe tak, men vi i kommunen har bemanna opp ekstra og har mange som står klare til dyst om det skulle oppstå flaum, ras eller andre situasjonar knytt til vêrsituasjonen.