Fire av seks leilegheiter i Storgata 33 er no selde


Dei to første leilegheitene i det nyrenoverte bygget i Storgata 33 i Høyanger er no overleverte dei nye eigarane, og om ikkje lenger følgjer dei to neste etter.

Det betyr at fire av dei i alt seks leilegheitene i sentrumsbygget i Høyanger no er selde. Det er Ove Dyrdal, som står bak prosjektet, nøgd med.

– Det med sjølveigde leilegheiter er jo noko som ikkje har vore prøvd i Høyanger før. Så einaste måten å få svar på korleis det vil fungere er å gjere det. Det var andre som vurderte det same før oss, men då la ein opp til å rive heile bygget, for så å byggje opp eit nytt. Det var også planar om ni leilegheiter. Men etter å ha sett på økonomien i prosjektet vart det skrinlagd. Vi valde ikkje å rive, men å behalde sjølve byggkonstruksjonen. Samstundes gjekk vi for noko færre leilegheiter. Så etter å ha sett at det let seg gjere, også økonomisk, kjøpte vi bygget. Sidan var det berre å setje i gang, seier Dyrdal, som også driv O D Bygg AS, til Ytre Sogn.

Dette prosjektet er det imidlertid Storgata 33, oppkalla etter bygget si adresse, som står bak. Selskapet oppretta han med bergensaren Eivind Simonsem då bygget vart kjøpt. Og no, snart to år etterpå, har dei investert nesten sju millionar kroner i det, inkludert kjøpesum.

Les meir i Ytre Sogn laurdag!

Totalt har selskapet Storgata 33 investert sju millionar kroner i sentrumsbygget i Høyanger.