Aud Inger Grønlien Hauge og Arne Hauge mottok torsdag Høyanger kommune sin bygningsmiljøpris. (Foto: Høyanger kommune)

Bygningsmiljøprisen i Høyanger til Aud Inger Grønlien Hauge og Arne Hauge

Aud Inger Grønlien Hauge og Arne Hauge fekk torsdag 15.juni overrekt Høyanger kommune sin Bygningsmiljøpris for 2023 for deira eigendom i Storgata 9.


Det var ordførar Petter Sortland som las opp grunngjevinga til planutvalet i Høyanger. Det er utvalet som bestemmer om prisen skal delast ut, og kven den skal gå til.
Planutvalet vedtek at bustadhuset i Storgata 9 i Høyanger tettstad er vinnar av Bygningsmiljøprisen 2023.

Eigendomen ligg plassert midt i sentrum av Høyanger i Storgata. Storgata utgjer ein del av hovudaksane i Høyanger, og strekk seg heilt frå kaia til Valhall.
Huset er fra 1927 og er med det del av den første bebygginga i Høyanger. Det kvite huset med dei grøne dørane har vore i vinnaren sin familie sidan 1949 da Hans Lavik kjøpte huset, og tidleg på 50-talet vart det bygd på med omlag ein tredjedel av storleiken i retning kaia. Frå no hadde han butikk i heile 1. etasje, og her var det både møblar, sko og radio å få tak i. Hans Lavik var i si tid formann i Høyanger Vel, og naturleg nok interessert i å halde orden på hus og hage etter NACo sin standard. På eigendomen står det fire av fleire lindetre langs Storgata som utgjer ein halvalé. Dagens eigar og vinnaren av bygningsmiljøprisen overtok huset i 2010, og har sidan halde fram med det gode vedlikehaldet, i tillegg til nokre endringar. 

Dei har endra noko på fasaden i tråd med retningslinjene til Høyanger kommune, balkongen på huset vart flytta til midten av huset for å få symetri etter påbygget. Sidan huset ikkje lengre inneheld butikkdrift, vart det skifta vindauge i 1. etasje og resten av huset. Alle vindauga er sidehengsla og småruta, som orginalt. Alle utvendige dørar og garasjeportar er framleis mørkegrøne som før. Og det karakteristiske sifertaket er behalde. Hagen er flott opparbeida med hekk og buskar. 

Eigarane har gjort eit framifrå arbeid. Huset framstår som ei perle i Storgata. Endringar og vedlikehald på hus og uteområde er gjennomtenkte i utforming og materiale med tanke om at det skal passe til huset. Storgata 9 er eit særs godt døme på korleis eit hus kan byggast på eller endrast, utan at identiteten til huset eller miljøet rundt vert forringa. Høyanger kommune ønsker å gratulere Aud Inger Grønlien Hauge og Arne Hauge som vel fortente vinnarar av bygningsmiljøprisen 2023. 

Eigedomen i Storgata 9 har eit velhalde hus og ein velstelt hage. Og sjølv om huset har blitt endra har det ifølge planutvalet i kommunen, som er juryen bak bygningsmiljøprisen, blitt gjort på ein måte som passar huset.

Takksame prisvinnarar
Etter at prisen på 10 000 kroner og eit diplom hadde blitt delt ut gjekk Aud Inger på talarstolen i kommunestyresalen. 

– Eg må sei at dette er veldig stas, og det er kjekt at det blir sett pris på det vi har gjort og det vi gjer. Vi gjer dette fordi vi synest det er veldig kjekt å ta vare på eit hus som har vore i familien sidan 1927. Så det var litt feil det som vart sagt i jurybegrunninga, for det var morfaren min som bygde huset den gongen på slutten av 20-talet. Så det har vore i familien sitt eige heile tida da foreldra mine overtok det frå han, og vi etter det. Vi er veldig takknemlege for at det vi har gjort har blitt lagt merke til.

Prisvinnarane fortel at dei får mange kommentarar på korleis hus og hage ser ut av forbipasserande. 

– Om vi jobbar i hagen på dagtid blir vi mykje hefta, men det er berre koseleg, og det har vi tid til.