Onsdag 5. juli fylte Aasta Hjetland 100 år og dagen vart feira på Kyrkjebø sjukeheim. For utan den næraste familien kom også ordførar Petter Sortland for å heidre den flotte jubilanten. Han hadde med blomar og gode ord til den opplagde og smilande 100-åringen.
Brevet frå kongen var forseinka og Aasta hadde ei grei forklaring på det. – Nei, brev frå kongen har eg ikkje fått. Han hadde vel ikkje fleire frimerke, sa ho, til stor latter frå gjestene. At ho sette pris på både besøk og god mat, var ikkje vanskeleg å sjå, der ho stadig fortalde frå gamle dagar. Ei fin feiring for nok ein flott 100-åring i kommunen vår.