På studie-huben på Fundo i Høyanger står kontorplassar klare og ledige der ivrige unge kan komme og arbeide. Tilbodet er gratis, og ideen fekk ho frå ungdomen sjølv.
– Eg var ein tur til Bergen og møtte fleire utflytta Høyangeringar som fortalte at dei var midt i eksamensperioden sin no. Det fekk meg til å tenke over korleis vi kan tilretteleggje for at dei kan sitje her på heimstaden sin og jobbe med å skrive, lese og gjere oppgåver. Vi har jo kontorplassar, både i kontorlandskap og singelkontor, i tillegg til møterom og kantine som ein kan sitje i, fortel Drage.Kan vinne billett
Og tilbodet er ikkje berre for studentar. Om ein ser at julevasken er i gong heime, er det fullt mogleg å rømme på heimekontor til huben. – Vi tenker også at dette kan vere ein fin plass å sitje om ein har heimekontor, og treng litt fred og ro i juletida. Eg tok ein telefon til Lavik Kro, Østerbø Solutions og Osland Brygge, og spurte om det var mogleg å ha slike plassar ein kan sitje der og, og dei sa ja med ein gong. Så det er ikkje berre unge i Høyanger sentrum som kan nytte seg av dette tilbodet. Om ein tek turen innom før jul er ein med i trekninga på inngangsbillett til Joss i jula. Denne er det Høyanger Næringsutvikling (HNU) som har sponsa. – Tilbodet er sjølvsagt gratis, og responsen har vore god allereie. I det vi kom ut med dette heiv HNU seg på ballen og sa dei ville sponse ein inngangsbillett til Julerock på Joss 26. desember. Alle som besøkjer og registrera seg i utdanningshuben frå 1.-23. desember er med i trekninga av denne billetten.![På huben på Fundo står fasilitetane klare for studentar og andre som ønsker å nytte dei i jula.](https://cdn.ytresogn.no/bundles/global/uploads/articles/10/4617501181221720411862361339074773440660158739n.12615.png)