Mange som køyrer båt mellom Ortnevik og Nordeide har nytta ferjekort for å få 50% avslag på billettane sine for bil, men frå og med 1. januar i år er det ikkje lengre mogleg å betale med slike ferjekort for køyretøy på strekningane Vik–Ortnevik–Måren–Nordeide–Høyanger.
No blir det jobba med å få på plass kjennemerkeregistrering for bilar ombord på MS «Lysefjord», men før den løysinga er installert vil alle som har med bil ifølge Controller Øyvind Horgen i Skyttel – som er selskapet som har utvikla løysingane bak AutoPASS for ferje – få halv pris på billetten. – Alle kundar vil i ein overgangsperiode få 50% rabatt på bilar, noko som tilsvarar forskotsavtale med AutoPASS for ferje. Inntil ny billettløysing er på plass må kundar betale for køyretøyet med bankkort eller kontantar om bord. Når den har blitt installert vil det bli brukt kjennemerke-registrering på sambanda, og kundar må da inngå ein avtale for å få rabattar. Passasjerar utan bil kan heller ikkje betale med ferjekort no, men må løyse billett gjennom Skyss-appen, i nettbutikk, eller ombord. Det har vore 17% rabatt på personbillettar kjøpt ved hjelp av ferjekort.Det er ikkje lengre mogleg å betale med ferjekort som dette ombord på MS «Lysefjord». Før nytt system er på plass vil alle bilistar få halv pris på bilbiletten sin.
Ferjekort fasa ut –⁠ halv pris for alle bilar til nytt system er på plass
Det er ikkje lengre mogleg å bruke AutoPASS ferjekort ombord på MS «Lysefjord».