Faktafeil i hefte fra Motvind


I eit hefte delt ut i Høyanger og Sunnfjord framset Motvind ei rekkje opplysningar om Snøheia Industrikraft som er usanne. Mellom anna er prosjektområdet og talet på vindmøller beskrive som nær det dobbelte av det vi har søkt om. Vi vil her kort oppklare tre av dei andre feilopplysningane:

1. At vindkraft er ueigna til industri. Dette stemmer ikkje. 25 prosent av krafta Hydro nyttar til å produsere aluminium i dag, kjem frå vindkraft. Det er ikkje noko problem å bruke vindkraft i industrien. Hydro kan kombinere vindkraft og vasskraft, og på den måten oppnå stabil krafttilgang til ein konkurransedyktig pris.

2. At Hydros eigarandel i Snøheia ikkje tilhøyrer Hydro, men vårt deleigde fornybarselskap Hydro Rein. Dette er òg feil. Det er Hydro, ikkje Hydro Rein, som skal eige Snøheia Industrikraft – saman med Eviny – slik vi også eig vasskrafta vi brukar til å produsere aluminium. Hydro har tidlegare opplyst Motvind om dette i møte, og formidla det i fleire innlegg i Ytre Sogn og Firda. Hydro Rein har ingen eigarandelar i nokon vindkraftprosjekt knytt til Hydros aluminiumsverk.

3. At Hydro har overskot på kraft. Dette er heilt feil. Hydro forbrukar ved normal produksjon 17,4 TWh kraft i våre aluminiumsverk. Hydros eigen kraftproduksjon dekkjer berre halvparten av dette forbruket. I eit normalår får aluminiumsverka 8 TWh frå Hydros eigen produksjon. Resten av krafta må Hydro kjøpe frå eksterne produsentar. Hydro er den største kraftkjøparen på fastlandet. Kraftkjøpa vi gjer for å dekke vårt underskot tilsvarar eit kraftvolum som er større enn forbruket til heile Oslo. Å påstå at Hydro produserer meir kraft enn vi treng, er altså feil.

Hydro har inga eigenkraft i Høyanger. Vasskrafta som før var knytt til verket, gjekk til heimfall i 1998. Hydro Høyanger er difor heilt avhengig av kraft frå Hydros samla kraftressursar; eigenkrafta vi produserer i andre kommunar og ekstern kraft vi kjøper frå andre kraftselskap.

Alvoret i kraftsituasjonen til Hydro og verket i Høyanger er at ei rekkje av dei lange kraftkontraktane, som har sikra føreseielege kraftprisar dei siste åra, går ut i 2030. Dette skjer samstundes som kraftprisane er venta å auke, fordi forbruket av straum aukar medan produksjonen står stille. Dei siste åra har det knapt blitt bygd eller gitt konsesjon til noko ny kraft på fastlandet i Noreg, noko som er med på å drive opp straumprisane. For aluminiumsindustrien er dette alvorleg. Vi treng ikkje sjå lengre enn til Europa, der halvparten av produksjonen har stengt ned sidan oktober 2021 på grunn av høge kraftprisar. Det som har skilt Hydro i Noreg frå aluminiumsindustrien i Europa i desse kriseåra, er at Hydro i Noreg har hatt langsiktige kraftkontraktar til ein pris industrien kan overleve med. Fleire av desse kontraktane går ut i 2030.

For Hydro Høyanger, vårt minste verk, er det særleg avgjerande at Hydro får dekka kraftbehovet også etter 2030. Dette er eit verk Hydro trur på, og som det er investert nesten 1 milliard kroner i dei siste åra. Føresetnaden for at denne investeringa skal lukkast, er at verket har nok kraft til ein konkurransedyktig pris.

Snøheia Industrikraft kan bidra monaleg til dette. Men før vi veit om det er forsvarleg å bygge kraft i Snøheia, kor mykje kraft som kan byggjast, og korleis vi kan balansere omsynet til natur med omsynet til kraftproduksjonen, må det gjennomførast grundige og skikkelege konsekvensutgreiingar. Det er det debatten no handlar om. Vi må vite at det er mogleg å bygge eit vindkraftverk på ein trygg og berekraftig måte for folk, dyr og natur før prosjektet går vidare. Motvinds vilje til å gjenta usanne påstandar understrekar behovet for å få fakta på bordet og ein kunnskapsbasert diskusjon.

Halvor Molland
Informasjonsdirektør i Hydro