Er kunnskap farleg?


Høyanger har lenge vore med å forsyne nasjonen med vannkraft frå anlegg i fjella våre. Ny kraftutbygging bør skje på mindre konfliktfylte måter, og ikkje ved å gå laus på dei mest dyrebare skattane i fjella på Vestlandet. Det handlar om å ta vare på den siste rest av urørt natur i kommunen.

Eg finn meg ikkje i retorikken frå folk på andre sida av Langfjella, som seier at vi som bur i distrikta må tåle desse inngrepa. Dei meiner tydelegvis at vi ikkje veit vårt eige beste, men det vi ynskjer, er å ta vare på dei siste urørte naturområda våre.

Ikkje mine ord, men Ordføraren i Høyanger sine for eit par år sidan. Petter Sortland har vært viktig i motstandskampen mot vindkraft, og har bidratt til at Motvind har vokst og blitt ein av dei viktigste kompetanseorganisasjonane i fornybardebatten.

Det er provoserande når Hydro og Eviny snakkar ned fjellområda våre og i prospektet nesten framstiller det som allereie utbygd og øydelagt. Ei framstilling som har festa seg hos sentrale myndigheiter, LO, NHO og Fornybar Norge på «andre siden av langfjella». 

Lågthengande frukt vart omkvedet. Hydro innrømte vel at «det var nokre dilemmaer» uten å gå noko nærare inn på kva dette var.

«Å hoppe bukk over ei konsekvensutgreiing berre for at det no handlar om vindkraft ville vera eit forvaltningsmessig sjølvskot for ein kvar kommune og ein kvar lokalpolitikar» skriv Petter Sortland i eit lesarinnlegg i avisene. Kva er så farleg med kunnskap er omkvedet frå AP og Høgre no. 

I Høyangerfjella er det eit aktivt vindkraft prosjekt (Fred Olsen). Eit prosjekt som er blitt avvist av lokalpolitikarane. «Vi ynskjer å bevare dei siste uberørte naturområda våre» uttalte ordføraren den gongen. Betyr dette nye standpunktet frå AP og Høgre at også Fred Olsen sitt prosjekt skal konsekvensutgreiast? Eller er det greit med «forvaltningsmessig sjølvskot»?

Kunnskap er ikkje farlig… Eller er det slik at Høyangerfjella er meir verdfulle enn Vadheimsfjella?

Eg er mot begge prosjekta.

Hydro/Eviny veit at den einaste vegen til ei utbygging er via ei konsekvensutgreiing.

Dei har konsekvent ikkje gjeve detaljar om prosjektet. Den einaste opplysande informasjonen er den vi har fått frå Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn. Dei skal ha stor takk for arbeidet dei har gjort. 

No er det opp til oss veljarane å gjere resten av jobben fram mot valet i september. 
Røyst på eit av partia som er mot konsekvensutgreiing!

Terje Norevik