Her i Høyanger var vi vitne til at Statkraft i ei vekes tid rundt påske sende store mengder vatn på fjorden. Det er ikkje berre Bergsvatnet som er tappa. Også Monsdalsvatnet er kraftig redusert. Mange spør seg om ikkje dette er ressurssløsing og uøkonomisk.
Her i Høyanger var vi vitne til at Statkraft i ei vekes tid rundt påske sende store mengder vatn på fjorden. Det er ikkje berre Bergsvatnet som er tappa. Også Monsdalsvatnet er kraftig redusert. Mange spør seg om ikkje dette er ressurssløsing og uøkonomisk.
Frykta Statkraft stor snøsmelting og flaumfare? Eg har høyrt det skal vere grunngjevinga. Men fleire som er godt kjende på fjellet er tydeleg på at det er uvanleg lite snø i fjellet. Derfor verkar grunngjevinga lite truverdig. Og har Bergsvatn nokon gong blitt tappa så mange døgn på rad? Det er fleire enn eg som lurer. Men Statkraft kan jo gjere andre vurderingar og har kanskje grunnlag for det. La oss få vite dei!
Statkraft si eventuelle eigenformulerte «frikjenning», kan ikkje hindre at folk gjer seg sine eigne tankar. Det er ikkje så rart når folk ser noko av vanstyret som elles rår på energiområdet. Det er eit vanstyre som vi har sett ufattelege eksempel på også i utlandet. Vanstyret kan vise seg meir omfattande enn import av kontinentale straumprisar, f. eks. fleire resultat av at historisk nødvendig kraftutveksling blei avvikla til fordel for nesten uregulert krafteksport.
Det finst ufattelege eksempel som viser at kraftselskap får betalt for ikkje å produsere straum. Eg kjenner ikkje konkret til at eksempla har direkte parallellar til norske forhold. Eksempla vi kjenner er utanlandske vindkraftanlegg i utlandet. Men kva tid vil det norske kraftsystemet og ikkje berre prisane, bli smitta av dette slik at det får sine særeigne og tilpassa symptom? Eller har vi allereie sett dette?
Her i Noreg har Statnett sine systemdriftskostnader auka frå under 500 millionar kroner per år før 2021 til 4 milliardar kroner i 2024 (Nettavisen, 13.4.). «Den store synderen», viser Nettavisen, er såkalla «tertiærreserver» på 2,5 milliardar. Ei av årsakene til kostnaden er at Statnett har fått meir krevjande arbeid med å halde god balanse mellom kraftproduksjon og -forbruk. Og Statnett har truleg også betalt for at kraftprodusentar skal ha noko å gå på dersom det skulle bli behov for meir eller mindre kraft.
Statnett sitt arbeid er meir krevjande fordi større del av kraftproduksjonen ikkje kan regulerast (vindkraft og solkraft) og dermed oftare gir endring i utanlandshandel (krafteksport og -import). Dette bidreg til at det også blir produsert meir kraft enn forbruket. Det verkar rart, men det skal visst vere eit like stort problem for kraftnettet når det blir produsert for mykje kraft som når det blir produsert for lite.
Dermed betalar Statnett for at også enkelte vasskraftprodusentar i slike situasjonar ikkje produserer. Og kan det også vere slik at Statnett betalar vasskraftprodusentar for å tappe/tømme magasina for å avstå frå produksjon nærmaste tida? Ja, anten for å spare nettet, men kanskje også for å skape prisvekst?
Det er lite som forundrar oss etter kvart, men slikt som dette skjer vel ikkje i Høyanger?
Og korleis dekker Statnett sine systemkostnader? Jo, det er det straumbrukarane og skattebetalarane som gjer.
Så kva er den eigentlege årsaka til tapping av vasskraft-magasin i Høyanger-fjella?
Einar Rysjedal