Den siste månaden har vore ein god månad for Høyanger tettstad. Hydro Recycling Casthouse med sine 20 tilsette starta opp sin produksjon i dei gamle Fundo-lokala, og i påska opna Eides Hotell/Joss Pub igjen, med overveldande oppslutning frå lokalbefolkninga.
Samstundes veit vi at Tronvik Rus Døgn no er inne i sin siste månad i drift, og Høyanger vidaregåande skule er – igjen – føreslått lagt ned. Sistnemnde med bakgrunn i lågare elevtal og dystre framtidsutsikter for folketalsutviklinga. Sjølv tilhøyrer eg det ordførar Petter Sortland har omtala som «ein tapt generasjon». Eg var ung vaksen då Fundo gjekk konkurs i 2009, og mange av mine jamnaldrande forsvant med Fundo og kom aldri tilbake. Eg har ikkje opplevd storheitstida til Høyanger som eg høyrer mange snakke om, og eg har derfor ingen nostalgi til eit Høyanger som ein gong var. For meg er det eit Høyanger som skal bli, som er fokus. Her meiner eg at Høyanger no står ved eit vegskilje og har moglegheiter som kan gripast som kan gje eit positivt utslag om vi gjer nokre fornuftige val og jobben som trengs. Eg tilhøyrer kanskje ein «tapt» generasjon, men bak meg kjem det ein skokk med 20-åringar. Om vi taper dei og er det nok «kroken på døra» for Høyanger tettstad. Det må vi unngå for ein kvar pris, og då må det dugnad til frå oss som er meir etablerte. Det er klart arbeidsplassar er viktig, men eg trur trivsel er ein vel så sentral nøkkelfaktor om vi skal lukkast med å halde på og få heim igjen dagens 20-åringar som er folkeregistrert i Høyanger, men som er ute og studerer eller jobbar. Trivsel skapar vi gjennom opplevingar og tilbod, og dei skapar ikkje seg sjølv. Det er nokon som må gjere ein innsats og ein jobb for å skape liv og røre, og med færre folk i tettstaden er det noko som blir stadig vanskelegare og stadig mindre kommersielt lukrativt. Og det er nettopp då vi treng lokalpatriotane og eldsjelene som er villige til å gjere litt ekstra, og her er det no for tida vanskeleg å ikkje trekke fram gjengen bak Eides Hotell. Dei har fått hotellet på fote igjen på rekordtid, er alt i full gong med arrangement som appellerer til 20-åringar og andre, og dei har eit uttalt ønske om å skape eit lokalt kulturhus og ein møteplass fylt med liv og aktivitet. Alt det utan nokon form for ambisjon om å tene pengar. Inntektene skal brukast på bygg og eit betra tilbod. Motivasjonen bak er å vere med på dugnaden det er å halde liv i Høyanger tettstad og snu ei negativ stemning til trivsel og tankar om vekst.Dagleg leiar i Tell Media og redaktør i Ytre Sogn