Eitt år har gått sidan landet stengde ned

I dag, fredag 12. mars, er det eitt år sidan heile landet vart stengd ned på grunn av koronapandemien. Vi har spurt folk i ytre Sogn korleis dei har opplevd dette siste året, på godt og vondt.


 



Arne Martin Kjærland, fabrikksjef ved Hydro Høyanger
– For meg personleg var det spesielt, ettersom nedstenginga kom berre ein månad etter at eg byrja som fabrikksjef i Høyanger. Den første tida brukar ein jo på å bli kjend med folka og staden, og vil gjerne vere med på aktivitetar, som til dømes å sjå fotballkamp på hotellet i dag med andre. Slikt vart umogleg då pandemien råka, og landet vart stengd, seier Arne Martin Kjærland, fabrikksjef ved Hydro Høyanger, til Ytre Sogn.

For bedrifta sin del førte pandemien til lågare etterspurnad fordi bilfabrikkar i Europa, som kjøper valseblokker hos dei, også stengde.

 – Men i fjor sommar og haust losna det igjen for vår del, med nesten overfylte ordrebøker. Ja, seinast i førre veke sikra vi oss ordrar for resten av året  Så 2021 ser lysare ut for vår del, sjølv om ein veit at ting fort kan endre seg. Det er også noko det siste året har lært oss. 

Sjølv er han stolt over at dei ikkje har hatt smittespreiing i bedrifta hans, som tel nærmare 160 tilsette. 

– Som bedrift har mykje handla om å følgje opp smittevernreglar, som å halde avstand, vaske hender og så vidare. 

Elles har pandemien også ført med seg ein del gode ting, meiner han. 

- Vi reiser mindre sidan møta no foregår på teams. Det gjer også at vi er meir effektive - og sparer pengar. Elles har vi også måtte ta i bruk teknologi som vi kanskje elles hadde vegra oss for. Så noko positivt har den ført med seg, seier fabrikksjefen. 


Constanse Simmerøy Fjetland (16), elev ved Høyanger videregåande skule.
– Det som har vore mest trist er det at eg ikkje har fått vere med alle dei eg har lyst til å vere i lag med. Eg gjekk i 10.  klasse då dette skjedde, og det gjorde at eg ikkje fekk vere så mykje i lag med venene i klassen som flytta herifrå i fjor for å ta vidare utdanning andre stader, seier ho.

– Bortsett frå undervisninga vi har hatt på teams når vi ikkje kunne fysisk møte opp på skulen, og vaksinering som no er i gong, så tykkjer eg ikkje det er noko positivt å seie om dette året. Så no håpar eg berre at alle blir vaksinert og at koronaen etter kvart går over, slik at ting kan byrje å bli normalt igjen.




Roar Einen, butikksjef på Bunnpris i Leirvik
Han seier at dei tilsette merka meir til covid-19 då Havyard var stengd, grunna smitteutbrotet som var i haust. 

– Elles går det i same tralten som det har gjort. Det er sjølvsagt meir smittevern vi må ta omsyn til, men det kan vi lære oss å leve med, seier han.  

– Vi merka og at det var mindre folk rundt påsketider i fjor, held han fram. 

Einen seier han er ekstra glad for å bu på ein desentralisert plass no.  

– Det er mange som har det verre, seier han. 

Einen seier at det er mykje ein har teke som ein sjølvfølgje, som no ikkje lengre er det for mange. 

– Slik som reising og besøk. Det er ikkje lengre ein sjølvfølgje for alle. 

Britt Stølen, lærar ved Høyanger vidaregåande skule
– Det er utruleg tøft heile tida å måtte tenkje på reglar etter kva styresmaktene kjem med. Her i Høyanger har vi hatt lite smitte og i så måte vore veldig heldige. Det kan jo og føre til at ein blir slappare, men det må vi ikkje bli. Det er viktig at vi framleis passar på og er skjerpa heile tida her også, seier lærar Britt Stølen.

– Personleg så har dette året ført til vi som familie har måtte kutte ut ein del ting som vi plar å gjere, som feriereiser til utlandet som vi brukar å dra på kvart år og skiferien i vinterferien som vi valde ikkje å dra på. Dette med utanlandsreiser er noko vi håpar det snart blir opna opp for igjen, for no byrjar vi å bli ganske desperate etter sol og varme, fortel ho med eit smil. 

– Elles har dette året ført til mykje innetid saman med familien og vår næraste krets. Det er jo sjølvsagt positivt det, men ikkje i det lange løp for oss som likar å reise og vere aktive. For nokre av borna våre så har det også vore veldig kjedeleg med alle fritidsaktivitetar som har vore nedstengt i denne perioden. For den eldste dottera vår som er no er blitt student har all heimeundervisninga ført til at ho ikkje har fått oppleve korleis studentlivet eigentleg er. Det er spesielt og veldig kjedeleg både for ho og dei andre studentane.

– Det positive med dette året er at ein har hatt meir familietid. Men ønskjer no at vi om ikkje så alt for lang tid er tilbake til det «normale» igjen.

 

 Silje Litzheim Martinsen, helsesjukepleiar i Høyanger kommune
–Vi fekk tilsendt nye retningslinjer frå FHI som tilrådde oss å redusere noko på helsestasjonstenestene der heimebesøk, 4 mnd, 8 mnd, 18 mnd og 4 års kontrollar vart utsatt eller føregikk over telefon. I skulehelsetenesta måtte vi raskt tenkje nytt for å kunne oppretthalde eit tilbod til skuleborna, fortel helsesjukepleiar Silje Litzheim Martinsen, som blant anna har faste dagar ved Høyanger vidaregåande skule. 

Dei forstod dette kom til å bli langvarig, og det oppstod ei nasjonal bekymring kring born og unge.

– Vi vart tidlig redd for å mista kontakt med skuleborna og var derfor raskt ute med å investere i iPadar som kunne nyttast til å samtale med dei som hadde behov for det. Dette vart eit bra tiltak, det var godt å kunne samtale med borna på denne måten. Elevar ved Høyanger skule fekk tilbod om å kome på helsesjukepleiar kontoret på skulen ved behov allereie 1- 2 veker etter nedstenginga. Det vart tidlig lagt ut info på skulane sine heimesider med info om korleis born og unge kunne kome i kontakt med skulehelsetenesta. 

Frå slutten av april 2020 opna skular sakte men sikkert opp att, og dei fekk kome tilbake på skulehelsetenestekontora sine. Dei fekk også etter kvart ta inn att born til alle konsultasjonar.

– Frå sommarferien har tenestene våre blitt prioriterte, og sett på som viktige for born og unge, og det har gått så normalt som mogleg. Vi har sjølvsagt restriksjonar som må følgjast, seier ho og meiner at dei alt i alt har vore heldige så langt i Høyanger kommune med minimalt med koronasmitte. Vi har konkludert med at elevane si psykiske helse ikkje har blitt negativ påvirka av nedstengninga og besøkstala er lik som før korona pandemien. 

– Eg kan ikkje anna enn å gi stor applaus til born og unge som har måtte forholde seg til den nye verda å leve i. Eg er svært imponert over forståinga deira av korleis viruset smittar, kva som må til for å hindre det, samt kven dei bør holde seg unna, som risikogrupper. Dei viser stor forståing for situasjonen og det er imponerande når dei no har levd under dette eitt år.


Laurens Brock, dagleg leiar ved Lavik Fjord Hotell
– Det er så klart mykje kjekkare å drive hotell når det er full aktivitet. Utfordringa siste året har difor vore å bremse seg sjølv, seier Laurens Brock.

Som person er han nemleg positiv. 

– Men når det gjeld hotellet og drifta siste året så har det vore utfordrande, med lite aktivitet, vedgår han. 

I periodar har det vore minimalt med overnattinger og elles lite aktivitet, og det har halde fram i år.  Unntaket er i fjor sommar, då restriksjonar vart letta på, og det vart opna for turistar også frå utlandet. 

– Vi har nokre bestillingar frå utlandet denne sommaren, som vart utsett i fjor. Men eg er førebudd på at dei kan bli avbestilt på kort varsel. Om ikkje, må det kome vaksinepass som tillet meir reising. Så eg er ikkje så veldig positivt når det gjeld sommaren. 

For tida er alle på hotellet permitterte, på grunn av lite aktivitet. Sjølv jobbar han på
timesbasis, fortel han.

– Over helga har vi ei gruppe som skal dere her ei natt. Men før det er det tomt. Det same gjeld etterpå. 

Elles prøver vi å ha restauranten open innmellom. Men også det er utfordrande, i høve til kor mange som kan samlast. 

– Det som har hjelpt oss, er at vi har hatt gode år tidlegare, der vi har gått med overskot. Men i fjor vart det underskot, som følgje av pandemien, sjølv om vi fekk litt koronastøtte. Men det var langt i frå nok.




Kjell Eide, ordførar i Hyllestad kommune 
– I mi rolle som ordførar har året vore meir krevjande. På privaten så føler eg at vi har levd nokolunde normalt, seier ordførar i Hyllestad, Kjell Eide. 

Tiltaka blir stadig endra, det kjem stadig ny informasjon. Eide meiner at det av og til blir mykje å ta inn. 

– Vi har fått mykje informasjon om korleis vi skal oppføre oss når det kjem til reinhald og smitteverntiltak. Folk blir intervjua kvar dag om dette, og av og til kan det vere mykje informasjon å ta inn, seier han. 

– Det store utbrotet i haust var spesielt, seier Eide. 

Det er utbrotet på Havyard han snakkar om. 

– Men bortsett frå det så tykkjer eg at vi har hatt det ganske fint i Hyllestad-området. Eg har ikkje lidd nokon naud. Eg tenkjer meir på dei yngre og eldre. Ungdommane føler seg kanskje begrensa, medan dei eldre får kanskje ikkje sjå sine nærmaste så ofte, seier han. 

– Ein kjem til eit punkt der ein berre har lyst til å slå seg laus, om du skjønnar, held han fram. 

Ordføraren meiner at vi må sjå fram til sommaren. 

– Vi må ha trua, seier han. 

Eit lite samfunn som Hyllestad er meir oversiktleg enn store byar, noko som kan vere bra når det kjem til smitteutbrot. 

–Eg tykkjer innbyggjarane i kommunen her har vore veldig flinke, og at folk har vore flinke til å lytte, skryt han. 

– Har det kome noko positivt ut av året? 

– Ja, absolutt. Eg har lært meg korleis eg kommuniserer på data. Det har spart meg for mange turar til Bergen. Eg meiner at ein også bør møte folk personleg når det let seg gjere. Ein kan ikkje berre sitje heime på Teams. 

– Så trur eg at folk kanskje viser litt meir omtanke, svarar Eide. 


Geir Ole Haugen, butikkmedarbeidar hos Coop Extra Høyanger
– Det har vore eit år der ein har måtte ta omsyn, følgje tiltak og ikkje vore ute og reist. I vår familie har vi hatt eit par tilfelle der nokre oss måtte teste seg og vere i karantene til ein fekk resultatet, men som då heldigvis var negative, seier Geir Ole Haugen.

– Her i Høyanger er vi i ein kohort med den nærmaste familien, og sjølv om det er trist at vi ikkje har fått treffe familie som ikkje bur her på over eit år, så finst det heldigvis andre måtar å halde kontakten på, som til dømes facetime der ein også kan sjå kvarandre, seier han.

– Når det gjeld framtidsutsiktene så må vi fortsetje å vere tolmodige og sikre på at vaksineringa har kome langt nok før ein slepp opp for mykje. Gjer vi ikkje det, så trur eg at vi kjem til å ha dette problemet mykje lengre, seier butikkmedarbeidaren.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.