Hege Ølmheim (t.v.) og Tove Simmerøy viser fram kassane med bøker til sals som står i Høyanger bibliotek. Inntekta frå salet går til Redd Barna.

Sel bøker til inntekt for Redd Barna

Biblioteket i Høyanger har sidan november hatt fleire kassar med bøker ståande som gjestar har kunna forsyne seg av. Prisen ein betalar er opp til kvar enkelt, og pengane går til Redd Barna.


– Alle bibliotek må rydde i hyllene sine kvart år for å gje plass til nye bøker. Vi blir alltid sittande med ein del bøker «til overs», så vi høyrer gjerne med Nasjonalbiblioteket om det er bøker dei vil ta inn, men dei tek sjeldan alt. Vi vil ikkje kaste bøkene vi sit igjen med, så vi vel å tilby dei til publikum, og sidan vi ikkje skal sitje igjen med inntektene av boksalet sjølv, tenkte vi at å donere dei til Redd Barna ein fin måte å løyse det «problemet» på, fortel Hege Ølmheim og Tove Simmerøy ved Høyanger bibliotek.

Utvalet i bøker i kassane er breitt, og innhaldet der blir ofte oppdatert.

– Vi har faglitteratur, hobbybøker, barnelitteratur, ja litt av kvar kan ein seie. Det er valfritt kor mykje ein vil gi til Redd Barna om ein plukkar med seg noko, eller om ein vil gi i det heile tatt, men det er fint å kunne hjelpe dei svakaste i samfunnet samstundes som ein får noko ein kan ha nytte og glede av sjølv.

Fleire har alt vore innom og fått med seg gode bøker heim. No som påska nærmar seg meiner Ølmheim at bokkassane er ein god stad for å få med seg ei god bok til hytta eller ferien.

– Sortimentet blir bytta ut jamleg ettersom vi ryddar jamt og trutt, og vi ser at barnelitteraturen og hobbybøkene ryk fortast. Dette er jo ein fin sjanse til å få byta ut bøkene som ligg på hytta, så ein kan få noko nytt og godt å lese på no i ferien. 

Men det er ikkje berre no rundt påske at det vil vere fritt fram i kassane til biblioteket.

– Kassene blir ståande også framover, så det er berre å ta turen innom og sjå om ein finn noko som freistar.