Kvar torsdag samlast spreke pensjonistar til trimøkt i Høyangerhallen, eit gratis trimtilbod i regi av Høyanger Sanitetsforening som har halde det gåande i over 50 år. (Foto: Privat)

Eit gratis trimtilbod for eldre i over 50 år

Kvar torsdag samlast spreke pensjonistar til trimøkt i Høyangerhallen, eit gratis trimtilbod i regi av Høyanger Sanitetsforening som har halde det gåande i over 50 år.


– Treninga som finn stad på føremiddagen er lagt opp etter kvalitetsreforma for eldre ”Leve hele livet”, og det blir lagt vekt på dette med balanse, motorikk og rørsleevne. Inne i idrettshallen med god musikk til skjer dette digitalt, med professor ved Norges Idrettshøgskule Jorunn Sundgot-Borgen som instruktør, seier Berit Oma til Ytre Sogn.

Starta på 70-talet
Ifølgje Oma start tilbodet opp i Eldresenteret sine lokale for vel 50 år sidan.

– Etter ei stund der vart trimmen etter kvart flytta bort i fjerde etasje i samfunnshuset før trimgjengen til slutt enda opp i Høyangerhallen, då den stod ferdig bygd på 1980-talet.

Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S) sitt arbeid for eldre som er nedfelt i Strategisk Plan er i tråd med satsinga ”Leve hele livet”. Målet er å lage eit samfunn der det er godt å bli gamal, og der eit godt liv handlar om aktivitetar som kan førebyggje fysisk og mental helse, og skape sosiale fellesskap gjennom gode møteplassar. 

Ein gong i veka
– Med oss på trimmen, som varer ein time kvar torsdag, har vi med oss spreke pensjonistar der mange har vore med frå starten, og som i dag er langt over 90 år. Etter vel gjennomført time med gode og enkle øvingar saman med instruktøren går turen bort til Høyangerbadet der vi avsluttar dagen med litt symjing for dei som ønsker det, fortel Oma.

Plass til fleire
Ho legg til at det opp gjennom åra har vore mellom 20-30 personar som har vore med på trimmen og nytta seg av gratistilbodet.

– Dei seinare åra har dette talet gått ned, og vi har plass til enda fleire. Dersom det er nokon der ute som har lyst og anledning til å vere med, er du hjarteleg velkomen, er oppmodinga frå Oma.