Sørsidekoret song fint, og borna som var med sjarmerte alle.

Ein varm og fin julekonsert i Ortnevik kyrkje –⁠ med storm i kasta

Søndag kveld var det tradisjonell julekonsert i Ortnevik kyrkje, ei varm og fin oppleving for dei mange frammøtte.


Saman med dei lokale aktørane, var Kyrkjebø Ungdomslag Songkor (KUL-koret) inviterte til å delta saman med Harald Dahlstrøm og Knut Henning Litsheim. Dette var femte og siste julekonserten koret har delteke i denne førjulstida.

Til tross for dårleg ver, kom det mykje folk til konserten i Ortnevik kyrkje.

Lokale talent

Etter opningsord av Kjersti Johansen Søreide, song KUL-koret tre songar. Den første «Tenn lys», vart symbolisert ved at vesle Anna tente tre av dei fire adventslysa. Deretter kunne sørsida av kommunen syne fram fleire av sine lokale talent. Camilla Merkesvik Ådland song vakkert til eige gitarakkompagnement. Dei to skulejentene Oline og Lena, las diktet «Fred» av Jan-Magnus Bruheim. Hannah og Eldar Brekke song to country-inspirerte julesongar saman med den vesle sonen sin.

Det nystifta Sørsidekoret song først «Vi tenner våre lykter» saman med fleire born og deretter vart det «Bjelleklang» med dei vaksne damene, som berre hadde øvd saman tre gonger. Anders Brekke er ein gammal ringrev som trakterte tangentane godt med filmmusikk.

Sjoerd Tolsma, Knut Henning Litsheim song «O Helga Natt» i duett saman med Harald Dahlstrøm på piano.

Nordsida igjen

KUL-koret song så si andre avdeling og konserten vart avslutta med koret sin dirigent Sjoerd Tolsma og Knut Henning Litsheim, som i duett song «O Helga Natt» med Harald Dahlstrøm på piano. Dei kom endå betre frå det denne gongen, samanlikna med konserten i Kyrkjebø kyrkje. Då alle aktørane hadde fått ei merksemd frå arrangøren Bjordal og Ortnevik Sokneråd, hadde Harald Dahlstrøm sett seg til kyrkjeorgelet der han avslutningsvis akkompagnerte til «Deilig er jorden».

Det høyrer med til historia at det byrja knake veldig i kyrkjeveggene på slutten av konserten. Det blåste opp til liten storm og nordsida kjendest veldig langt unna. Båten frå Ortnevik kunne ikkje gå, så dei fleste kom seg heim via Oppedal – Lavik i høg sjøgang. Nokre få etternølarar måtte overnatte på grunn av steinsprang mellom Ortnevik og Søreide.