Sigrid Moldestad passar godt inn – både musikalsk og i klesstilen – på Larsgarden Tunhotell. Måndag heldt ho ein eksklusiv konsert der for 35 publikummarar.

Ei musikalsk oppleving i stovene på Berge

Det vart ein magisk kveld på Larsgarden Tunhotell måndag da Berge vart bada i måneskinn og vakre tonar frå Sigrid Moldestad.


– Vi er utruleg glade for at Sigrid Moldestad ville spele her hos oss, og fylle stovene våre med nydeleg musikk, fortel arrangør og medeigar i Larsgarden Tunhotell, Janne Elin Osland.

Publikum både til høgre og venstre

Tunhotellet er ikkje ein tradisjonell konsertarena, så både gamlestova og instestova måtte takast i bruk som publikums­plass. Dei vart begge fylt til randa med gjestar, medan artisten sjølv stod i midtstova. Sjølv om publikum dermed ikkje fekk augekontakt med den kjære folkesangeren under konserten, fekk dei sjå ho frå begge hennar beste sider, ifølge ho sjølv.

– Eg er jo vand med å ha publikum rett framfor meg, så det var ei lita utfordring, men det var og det som var ønsket med å kome hit. Målet med turneen er å gjere det litt annleis, og eg får høve til å sleppe publikum meir innpå meg, fortel Moldestad, som allereie på køyreturen opp på Berge vart bergtatt av den vakre naturen.

– Vi kom opp og det første vi såg var solnedgangen, så det vart ein «gisp» augeblink.
Moldestad var ikkje aleine om å oppleve fine augeblinkar denna kvelden. Gjestane fekk oppleve ei musikalsk reise da spelemannen (eller kvinna) tok fram både fele og ukulele, og framførte låtar frå hennar siste album «Med kjærleik frå Breim».

– Ho er ein artist som kan å formidle kunsten sin med felespel og sang. Eg opplevde at publikum fekk ei fin oppleving, og eg sjølv vart rørt av den lune og humoristiske framføringa hennar, fortel vertskapet, som sørga for at gjestane kunne nyte musikk og historieforteljing om kvarandre med noko godt i glaset og lett servering. 

Og sjølv om publikum ikkje sat på rekke og rad framfor ho, kan Ytre Sogn sin utsendte stadfeste at Moldestad fekk god kontakt med publikum på både høgre og venstre side.

På Larsgarden Tunhotell vart musikken servert i stereo med artisten i midten og publikum i to stover på sidene.

Ein artist med historie på ein plass med historie

Sigrid Moldestad skildra si historie heilt frå barndomen på garden Bø og fram til i dag, både gjennom ord og notar. Omgjevnadane kombinert med dei livlege tonane frå fela, kunne ha vore eit symbol på den norske bonderomantikken. Og det var ikkje berre Moldestad som hadde ei historie å fortelje. Osland ønska gjestane velkomne, blant anna med historia om tipp-tipp-oldefar Rognald Berge, ein tradisjonsbærar for hardingfele i Sogn.

– Rognald Berge var læremeister for fleire spelemenn frå Berge på 1800-talet, blant anna for Anders Sagen som var ein velkjent spelemann. Rognald var og opphavsmann bak dansen Tylen Berging, ein fridans der du kan gjere som du vil, fortel Osland og legg til at dansen gjerne inneheld galne og tylne bevegelsar som tittelen tilseier.

Det rykka nok litt i dansefoten hjå publikum når Moldestad tok fram fela og trampa i takt, men det vart ikkje spelt opp til dans denne gongen.

– No har vi hatt konsert her på Larsgarden to gongar, og vi har sett at det fungerer med både plass og lyd, så vi vil gjerne arrangere fleire slike arrangement i framtida, konkluderte ei nøgd Janne Elin Osland.

Artist Sigrid Moldestad flankert av søstrene Janne Elin Osland (t.v) og Heidi Kathrin Osland, som saman eig Larsgarden Tunhotell.