Distribusjons­problem løyst for Ytre Sogn

Utfordringane med å levere papiravisa til einskilde abonnentar gjekk raskt over for Ytre Sogn.


For ei knapp veke sidan gjekk vi ut med ei melding om at Sogn og Fjordane Distribusjon etter nedlegginga av ein bodbil ville få vanskar med å levere Ytre Sogn som før til nokre av Ytre Sogn sine abonnentar i sommar. Denne endringa ville i all hovudsak påverke abonnentar på Høyanger sørside og nokre fjernabonnentar, som ville få avisa ved ei seinare postombering enn tidlegare. Men no har Sogn og Fjordane Distribusjon funne ei løysing på logistikkproblemet, og lovar at distribusjonen av papiravisa vil gå tilbake til normalen.

– Vi fekk signal om at dei jobba med alternativ alt då vi fekk meldinga om utfordringane som hadde oppstått, og er glade for at Sogn og Fjordane Distribusjon no har kasta seg rundt og igjen får levert avisene ut til alle lesarane våre så fort som mogleg. 

Det seier Stig Hovlandsdal Øvreås i Tell Media, som gir ut Ytre Sogn.

– Vi håpar at situasjonen som har vore ikkje har ført til for mykje frustrasjon hos abonnentane våre som har blitt råka av den, og at dei no kan glede seg over å få Ytre Sogn i postkassen til same tid som før.