Geir Sørebø rakk å ta dette biletet av sauene, før dei forsvann opp i lia igjen.

Sauemysteriet på Østerbø er løyst

Eigaren av dei fire sauene som vart observert på Østerbø tidlegare i dag har no meldt seg.


Det opplyser Geir Sørebø, som var den som gjekk ut med etterlysinga i Ytre Sogn, tidlegare i dag.

Det gjorde han fordi det ikkje er nokon som driv med sau i det aktuelle området,.

Han møtte flokken på fire på Østerbø på Høyanger sørside.

– Sauene kom ned frå ei av dei bratte liene oppi her, og har mest truleg overvintra i fjellområdet. Det kunne i alle høve sjå ut som det, ut ifrå ulla på dei. Dei var også veldig sky, sa han då til Ytre Sogn.

Han fekk  med seg at alle hadde raudbrune øyremerke.

– Men sidan dei var umoglege å kome tett innpå, kunne eg ikkje sjå kven dei tilhøyrde, sa han og gjekk difor no ut med ei etterlysing av eigar gjennom avisa,

Han fortalde då at sauene etter kvart trakk oppover i lia igjen, og inn i skogen.

– Men eg trur ikkje dei kjem til å gå særleg langt opp, på grunn av snøen, seier Sørebø.


 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.