Sjølv om dei berre var fire til stades, gjekk praten lett og latteren sat laust. Frå venstre Ledvin Nessestrand, Terje Skuggedal, Sverre Haaland og Asbjørn Grande.

«Det runde bord» på Kyrkjebø

Alle kvardagar, året rundt, møtes nokre karar på Joker­butikken på Kyrkjebø. «Det runde bord» er eit kjent omgrep for alle i bygda og betyr at kvar føremiddag er bordet «reservert».


Kva betyr det for den trivelege gjengen å møtast? Kva har endra seg gjennom snart 40 år og kva snakkar dei om? Dette ville vi gjerne høyre litt om og tok turen for å slå av ein prat.

Starten
Då butikken til Atle Ljotebø opna 20. mars i 1985, var Sverre Haaland (91) med i førebuingane. Han hadde traktor og hjelpte med løft av tunge frysarar og liknande. Sverre har heilt frå starten av vore fast gjest ved «Det runde bord» og er den einaste att av den første generasjonen «problemløysarar».

– Dei første var han Magnus Ola, Aslak og Kvalheimen, fortel Sverre.  Og så var det ein kar som budde nede på Hålandsfeltet og som eg ikkje hugsar namnet på.

Olav Kyrkjebø vart kalla Magnus Ola, Aslak hadde etternamnet Haaland og Kvalheimen heitte Erling til førenamn. Det var slik ein omtalte folk og alle visste kven det var. Opp gjennom åra har nokre komme innom sporadisk, andre meir fast og dei eldste har naturleg nok falle frå.

– Det var litt annleis her i huset den første tida med både bank og postkontor, held Sverre fram. 

Vi kan meine mykje om endringane har vorte til det betre eller verre, og tema om tida før og no er noko av det karane diskuterer.

– Det har vore nokre innbrot her på butikken, men det er heldigvis sjeldan, fortel Sverre som hugsar hendingane godt.

Sverre Haaland på 91, har vore med frå starten i 1985 og er den eldste som frekventerar «Det runde bord».

Høg latterfaktor
Det første eg får høyre når eg kjem inn døra er: Dette er ein dårleg dag! Dei fire som er sessa rundt bordet meiner at dei er få i høve det som er vanleg. Likevel blir praten både lett, variert og med mange lattersalver.

– Du må ta høgde for at vi høyrer dårleg, seier Asbjørn Grande med glimt i auga.

Samtalen som følgjer speglar både høyrsel og hugse, når dei snakkar om han som budde der nede før han som bur der no. Det kjem fram at det har ikkje budd nokon der før han, for han bygde huset sjølv. Jammen då var det han som budde i det huset sonen bur i no.

Den kameratslege tonen syner at desse karane kjenner kvarandre godt og tåler ein spøk. Sverre Haaland blir påminna om at han hadde gullbok i Postsparebanken då det var postkontor i bygget.

– Du kan no so seie endå eg kom frå Stakkarslandet, ler Sverre og viser til gammal omtale av dei frå Kyrkjebø. Tyrkiet var inne på Austreim og der sa dei «kånjen» og «lårt».

Asbjørn Grande vert minna på at han ikkje veit alt sjølv om han kjem frå Lofotveggen, for ikkje så snakke om Terje Skuggedal som er bergensar. Ledvin Nessestrand er nyleg heimkommen frå India og er ikkje tilrekneleg etter å ha vore vekke så lenge. 

– Vi syns at alle har tapt seg etter å ha vore vekke ei stund, humrar Asbjørn.

Dei har nokre i gruppa som kan det meste om slektshistoria i bygda. Knut Henning Litsheim blir nemnt som den som kan alt om Berge. Når det gjeld Kyrkjebøstronda så får dei hjelp frå Cecilie og Bjørg Marie på butikken når det røyner på.

– Vi brukar å ha nokre elektrikarar med oss og då kan det bli høg spenning.

Om karane er ueinige om noko, så finn dei lett fakta på mobiltelefonen. Dermed vert det fred rundt bordet og alle er glade dei slepp å ha med seg leksikonet, som var oppslagsverket før i tida.

 

I skammekroken
Etter at butikklokala blei pussa opp vart det runde bordet flytta inn i det Sverre Haaland kallar skammekroken. Bordet sto tidlegare like ved døra inn til Kyrkjebø Sanitetslag sitt lokale.

– Me hadde god oversikt over alle som kom og gjekk på den gamle plassen, men det er no greitt her i skammekroken og, ler Sverre.

– I alle fall har du god oversikt, for du og bergensaren har dei beste plassane, kjem det kjapt frå Asbjørn Grande.

Det er tydeleg at her skal ein vare seg vel for å setje seg på feil plass. Og brått er praten kommen inn på Trond Giske og mee too. 

Har flyttinga av bordet hatt noko med at de var klåfingra når sanitetsdamene gjekk forbi?

– Nei det har me ikkje våga, ler dei. Når sant skal seiast så fekk me eit eige karabord lenge før mee too, det var noko som skjedde heilt naturleg. Men me nektar ikkje damene å setje seg her altså, held Sverre fram.

Så kjem det for ein dag at Jonas Gahr Støre på ein eller annan måte er i slekt med Trygve Slagsvold Vedum. Vi blir minna på kor viktig det er å vise til kjeldereferanse når ein tenkjer på alt bråket i regjeringa den seinare tid. I denne samanhengen er kjelda botnsolid i det vi refererer til «Det runde bord».

Viktig sosial samlingsplass
Det er tydeleg at føremiddagsstunda ved «Det runde bord» er viktig og spesielt for dei som bur åleine.

– Om eg ikkje kjem her kvar dag, så veit eg at eg kan møte nokon når eg vil. Det kjennes tommare og stillare om søndagane når eg veit at det er stengt her, seier Asbjørn Grande.

Terje Skuggedal nikkar og supplerer:

– For min del blei møta her viktige etter at eg blei sjuk og ikkje kunne trene lenger. Heime har eg radio, TV, pc og YouTube, men det er ikkje det same som å møte levande menneske.

For Ledvin Nessestrand er det også kjekt å møte den faste gjengen. Han har framleis distribusjonskøyring for Nesseplast og er vekke på jobb enkelte dagar.

– Det hadde vorte lange dagar om eg ikkje hadde hatt dette fellesskapet. Og så ser vi stadig etter aspirantar til bordet og har nokre i sikte, seier «the grand old man», Sverre Haaland.

Sjølv om tonen er humoristisk og lett, har dei også teke for seg meir alvorlege emne. Noko av det siste er nedlegginga av Tronvik som dei er samde om er tragisk og med store ringverknader. I det eg takkar for meg, kjem praten raskt i gang att – om musikk, verdspolitikk, Det ottomanske riket og straumprisar.