Dale vidaregåande skule - limet i samfunnsutviklinga i HAFS


Skulestrukturen i Vestland er på den politiske dagsorden, og skal vedtakast av fylkestinget denne hausten. Det er gjennomført høyringsrunde på ny struktur, og fylkeskommunen har nytta Norconsult til å utarbeide grunnlaget for si endelege tilråding.

For Dale vidaregåande skule tilrår ein å redusere elevtalet til ca. 150 ved å legge ned vg1 Bygg-og anleggsteknikk og fjerne påbygg-klassen, dvs. eit skuleår der yrkesfagelevar kan opparbeide generell studiekompetanse på toppen av to år med yrkesfag. Denne endringa er planlagt gjennomført frå 2028.

Vi ser det som særs positivt at HAFS-regionen er konsolidert som eigen inntaksregion og at vi ligg i førsteprioritet-kategori for å få rehabilitert verkstadbygget vårt. Dette ser vi som ei stadfesting av at fylkesadministrasjonen deler vårt syn på at Dale vgs har utviklingsmogelegheiter.

Vi er likevel svært uroa for at fylkesadministrasjonen ikkje vil ta i bruk dei verkemidla som trengst for å oppretthalde skulen:

• Ein føreslår å fjerne påbyggklassen utan å vurdere den usikkerheita som dette vil påføre Dale vgs. Etter vårt syn bør dei påbyggklassane som ein vel å oppretthalde, nyttast aktivt for å sikre ein desentralisert skulestruktur i fylket. Den omfordelinga av påbyggklassar som ligg i forslaget (HAFS 0 påbyggplassar, Førde 75) er sentralisering på sitt verste.

• Når det er sagt, så vil ein påbyggklasse i Dale føre til færre hybelbuarar. Elevar i distriktet har ikkje same kollektivtilbod som i sentrum. Dersom ein bur rett utanfor Dale sentrum (td. Flekke/Holmedal), så finst det ikkje buss til eller frå om ein skal gå på skule i Førde, altså må dei på hybel. Absolutt alle elevane frå Hyllestad og Askvoll må på hybel. Hybelliv rammar kanskje ikkje berre dei unge studentane, ofte følgjer føresett/familien etter.

For dei som bur i Førde går det an å dagpendle til Dale. På sikt vil ikkje Førde tene på at regionen rundt blir svekt.

• Ein føreslår å fjerne påbyggklassen utan grunngjeving. Ikkje har det ein økonomisk grunn og kvaliteten er så god at det slett ikkje kan liggje der. Statistikken viser at påbyggklassen i Dale kvart år har vore godt oppfylt og at gjennomføringa er svært god.

• Framskrivinga av elevtalet i HAFS går ikkje nedover fram mot 2035. I statistikken er vi lagt inn i Sunnfjord/Sogn som faktisk har ein tydeleg nedgang. Derfor kan ein ikkje argumentere med minkande elevkull.

• Det er like rimeleg å drive påbyggklassar på distriktsskulane dersom ein fyller opp klassane. Dette kan ein gjere ved å avgrense den samla tilgangen på påbyggplassar.

• Styrking av distriktsskulane med påbyggklassar verkar også inn på fylkeskommunen sin arbeidsgjevarpolitikk. Arbeidsmarknaden rundt distriktsskulane er ofte noko meir avgrensa enn i større by- og regionsenter.  På større lærestader har overtalige lærarar ofte fleire skular å velje mellom. På mindre skular vil større endringar medføre oppseiing eller flytting.

• Dersom fylkesadministrasjonen verkeleg ønskjer å gjennomføre ambisjonen om ein desentralisert skulestruktur, må ein også vurdere ein viss fleksibilitet i kravet til gruppestorleik ved distriktsskulane. Elevplassane vil då verte litt dyrare pr. stk., men totalkostnaden for samfunnet  i høve til nedlegging av heile distriktsskular vil verte betydeleg større.

• Det er eit paradoks å legge ned «byggklassen» i ei tid med skrikande mangel på bygningsarbeidarar, men vi erkjenner at søkinga til vg1-klassen i Dale har vore svak. Vi vil difor utfordre  fylkeskommunen til å samarbeide med Dale vidaregåande skule om utvikling av ei «bygningsvernklasse» på vg2-nivå i Dale. Vi veit at Riksantikvaren utfordrar fylkeskommunane på å styrke denne typen utdanning, mellom anna med bakgrunn i store bygningsvernprosjekt i tida framover, mellom anna kyrkjerestaurering. Regionen vil i løpet av september få eit tydeleg signal om ein vert godkjend som ein UNESCO Global Geopark.

• Dersom ungdommane våre må flytte ufrivillig på hybel etter ungdomsskulen som følgje av nedlegging av skuleklassar og/eller heile skular, misser vi ein viktig arbeidskraftressurs som kan fylle kvelds- og helgevakter, særskilt innan pleie- og omsorgssektoren.

Vi har stor tru på Dale vidaregåande skule, og vi meiner at Dale treng påbyggklassen for å kunne gje eit mest mogeleg komplett tilbod, både for elevane, men også for å gje god fleksibilitet i skulen sitt undervisningsopplegg. I tillegg vil påbyggklassen bety at fleire ungdommar blir buande på heimstaden til dei er 19 år. Dette er viktig for mange av dei små lokalsamfunna som regionen vår består av.

Nedbygging av Dale vidaregåande no er eit paradoks når vi ser den positive utviklinga vi har i næringslivet i HAFS-området. Viser her spesielt her til svært stor aktivitetsauke ved skipsverftet Tersan Havyard og signal om viktig utvikling av landbasert oppdrettsaktivitet på Lutelandet. 

Det er også eit paradoks at Hyllestad er styrka med omstillingsmidlar frå Vestland Fylkeskommune for å trygge samfunnsutviklinga m.a. knytt til verftsindustrien, samstundes som Vestland Fylkeskommune skapar usikkerheit om den viktige samfunnsbyggjaren som Dale vidaregåande skule er for oss.

Kjell Eide
Ordførar i Hyllestad

Gunn Åmdal Mongstad
Ordførar i Solund

Leif Jarle Espedal
Ordførar i Fjaler

Ole Andre Klausen
Ordførar i Askvoll