Om du lurer på korleis målbevisst ambisjon ser ut i møte med solid fagkompetanse bør du ta ein tur på treningane til det nye toppidrettstilbodet som har blitt starta opp på Høyanger vidaregåande skule denne hausten. Elevane er toppmotivert og trenarteamet har CVen i orden, noko som er ein kraftfull kombo når talent skal utviklast.

Toppidrettsskulen

Høyanger vidaregåande skule har denne hausten blitt ein «toppidrettsskule» der elevar frå både studiespesialiserande og yrkesfag studerer toppidrett saman. Det er unikt på landsbasis.


– Ver 100% til stades i kvart einaste touch! Gjer maksimalt ut av alle involveringane dine med ballen!

Dette var eit av mange innspel frå trenar Marius Varden Fossen under den første treninga han gjennomførte med sine nye elevar på det nyoppstarta faget toppidrett i Høyanger tysdag. Han overvakar øvingane med falkeblikk, og forventar fullt fokus. Tilbake får elevane individuell rettleiing, mengdetrening og kunnskap som kan bli ein inngangsbillett inn i eliteidretten.

– Det handlar mykje om detaljar, terping og teknikk på desse treningane. Det er eit krav til alle som er med at dei spelar på eit lag, så vi prøver å halde den fysiske belastninga nede sidan dei har sine ordinære treningar og kampar i tillegg, og heller fokusere på å utvikle ferdigheiter, fortel hovudtrenar Varden Fossen.

Og det er ein kompetent gjeng som no skal hjelpe unge fotballtalent i Høyanger med å bli toppidrettsutøvarar. Varden Fossen vart i vår ferdig med sin bachelor i idrett, trening og helse ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, og han er også trenar for A-laget til IL Høyang. 

Med seg har han Daniel Longfellow frå Høyanger vgs. som kvalitetssikrar at opplegget følger læreplanen og elles er i tråd med retningslinjene for undervisninga på skulen, og Reidar Grønli, som er leiar for IL Høyang, og som har lang erfaring med toppidrett både i jobbsamanheng og på privaten.

– Vi i IL Høyang tok initiativ til denne satsinga, og skulen syntest at det var ein god idé, så da fekk vi dette tilbodet opp og gå dette skuleåret. Det har vore eit samarbeid mellom oss knytt til breiddeidrett dei seinare åra, men vi fann no ut at vi hadde lyst til å prøve å etablere eit tilbod retta mot topp­idrett, fortel Grønli.

Trenar Marius Varden Fossen (f.v) – som også er trenar for A-laget til IL Høyang – har med seg Daniel Longfellow og Reidar Grønli i trenarapparatet. På treningane med vidaregåande­elevane får Varden Fossen og dei to andre gått i detalj og instruert spelarane meir individuelt enn kva som er mogleg på ordinære lagtreningar. Det gir stort utbytte.

At elevar på studiespesialiserande kan ta toppidrett som eit programfag saman med yrkesfagelevar som har toppidrett som yrkesfagleg fordjuping er unikt på landsbasis.

– Vi er veldig godt nøgde med at vi har fått i overkant av ti elevar med på dette, og det er ein sulten gjeng vi har med oss. Det lovar godt for kvaliteten på treningane og utviklinga gjennom skuleåret.

Ville reist utan idretten

Rektor Krisin Sagerøy Råsberg ved Høyanger vgs. er overtydd om at det nye tilbodet gir eit positivt utslag for den vesle skulen.

– Vi må skape eit så breitt og attraktivt studietilbod som vi kan med dei ressursane vi har, og det vi har fått til her i samarbeid med idrettslaget er heilt gull. Eg er temmeleg sikker på at dette programfaget har ført til at vi har trekt til oss elevar som elles ville reist til andre skular med eit idrettstilbod.

Varden Fossen er aldri langt unna med falkeblikket sitt når elevane gjennomfører øvingar, og han gir konkrete tilbakemeldingar basert på det han observerer.

Elevane som vel å bli ein del av toppidrettsfaget er nok over snittet dedikerte. Dei følger  den ordinære undervisninga som alle andre i klassane sine, så det er mellom anna fritimar og studiedagar der klassekameratane gjer det dei vil som no går med til toppidretten.

– Dette tilbodet er nok ikkje for alle, og desse elevane blir gåande meir på skule enn medelevane, men vårt mål er at dei som nyttar seg av det skal få eit så stort utbytte som mogleg. Det krevst mykje av deg om du skal bli toppidrettsutøvar, og du må gjerne ofre noko om du skal bli best mogleg.

  Toppidrett på vidaregåande

  • Eit programfag er spesielle fag for det utdanningsprogrammet og programområdet ein går på, slik som til dømes fysikk eller kjemi for dei som går studiespesialiserande. 
  • Yrkesfagleg fordjuping er eit obligatorisk fag som skaal gje elevar som går yrkesfag moglegheit til å prøve seg i eitt eller fleire aktuelle lærefag.
  • I Høyanger består toppidrettsfaget skuleåret 2024/2025 av morgontrening to dagar i veka, og ei lengre økt på fredagar. Til saman utgjer dette fem skuletimar i veka.
  • Elevane som går toppidrett i Høyanger vel sjølve om dei vil ha karakter i faget.
 

Seriøst opplegg

To av dei som meir enn gjerne ofrar fritid for å få tett oppfølging på fotballbana og moglegheit til å dyrke eige talent er Sualp Bayar og Emil Hatlestad. Dei er svært positive til det nye programfaget.

– Vi har hatt to treningar no og inntrykket vi har fått så langt er at opplegget er veldig seriøst og held høgt nivå. For oss er det både spanande og lærerikt å få vere med på dette.

Både Bayar og Hatlestad er ivrige fotballspelarar. Dei spelar begge på Høyang G17, og Bayar har også hatt eit par turar innom A-laget i løpet av sesongen.

– Det blir noko heilt anna her enn på dei ordinære treningane våre der fokuset gjerne er meir på dynamikken mellom spelarane og korleis vi spelar som eit lag på best mogleg måte. Det er sjølvsagt viktig det og, men her får vi høve til å utvikle oss meir individuelt.

Store delar av livet til Sualp Bayar og og Emil Hatlestad dreiar seg om fotball. Dei ofrer gladleg fritid for å bli enda betre ute på bana.

At tempoet er noko høgre og falkeblikket til hovudtrenar Varden Fossen aldri er langt unna gjer også til at elevane blir litt ekstra skjerpa ifølge dei to talenta.

– Da blir det meir seriøst, og da blir og utbyttet større. Vi har ikkje nokon konkrete toppidretts­ambisjonar sjølv, men ønsker å legge inn maks innsats og bli best mogleg, og så sjå kva moglegheiter som eventuelt skulle dukke opp innan idretten. 

Bayar og Hatlestad er også einige med rektor Råsberg i at det nye programfaget gir skulen eit løft.

– Dette er heilt klart eit steg i riktig retning for Høyanger vgs., og er noko som gjer skulen meir attraktiv for sånne som oss som lever og andar for fotballen.

Sjefen sjølv i IL Høyang, Reidar Grønli, har erfaring frå oppbygging av ei tilsvarande linje på Nydalen vgs. i Oslo, og han har sjølv fostra opp tre døtrer som alle har blitt toppidrettsutøvarar. Dottera Siri har nok oppnådd størst suksess og har fleire gongar blitt seriemeister og cupmeister med Stabæk.

Vidareutvikling

Av dei ti som var på treninga tysdag var samtlege gutar. Årsaka til det er at kvinnefotballen i Høyanger er litt skjør, som trenar Varden Fossen ordla det, med få lag og få spelarar i vidaregåandealder. Men både IL Høyang og Høyanger vgs. håpar at det også kan bli fleire jenter med på toppidrettssatsinga framover, og at den kan utvidast til å også gjelde andre idrettsgreiner.

– Her i Høyanger er det kanskje mest nærliggande å sjå til handballen der vi har unge og framstormande jentelag som nærmar seg vidaregåandealder, og det er slett ikkje utenkeleg at det kan etablerast eit tilsvarande tilbod for handball. Vi er og opne for andre idrettar, så dette er forhåpentlegvis berre starten på eit toppidrettstilbod for ungdomar her i Høyanger, avlsuttar Grønli.