Om lag 21100 søkarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år) har søkt på vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Meir enn 16100 av desse har fått tilbod om førsteønsket sitt for både utdanningsprogram og skule. Det betyr at fleirtalet av dei unge også i år får det opplæringstilbodet dei ønsker seg ved første inntaket.
Om lag 6,4 prosent av søkjarane med ungdomsrett står utan tilbod om skuleplass etter førsteinntaket. Erfaring frå tidlegare visar seg at dette vil løyse seg for dei fleste i dei neste inntaksrundane.
Yrkesfag er framleis mest populært
I underkant av 9900 ungdommar har søkt yrkesfag, av desse har rett over 5500 søkt Vg1, 4050 Vg2 og 320 Vg3. Det er litt fleire ungdomsrettssøkarar på Vg1 yrkesfag samanlikna med i fjor.
Nesten 94 prosent av søkarane til Vg1yrkesfaglege utdanningsprogram har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Litt under 1700 ventar på plass på førsteønsket sitt, av desse har om lag 650 fått plass på andre ønsket sitt.
På Vg2 er det ein liten auke i talet på søkarar samanlikna med i fjor. 91 prosent av søkarane til Vg2 har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Litt over 1100 ventar på plass på førsteønsket sitt, av desse har omlag 500 fått plass på andre ønsket sitt.
På Vg1 er det også i år utdanningsprogram for teknologi- og industrifag som har lengst venteliste. Det er i underkant av 2700 søkarar til dette utdanningsprogrammet. 82 prosent av dei som har dette utdanningsprogrammet på førsteplass har fått tilbod, men om lag 570 har fått tilbod på ein annan skule enn førstevalet sitt.
Flest søkarar utan tilbod på yrkesfag i Stor-Bergen
Tre av fire søkjarar som ikkje har fått plass på yrkesfag, kjem frå inntaksområde3 (Stor-Bergen- kommunane Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden). Det er utfordringar med å kunne gje desse elevane tilbod i dette området.
Mange av søkarane til påbygg står framleis utan tilbod. Desse søkarane fordeler seg i to grupper. Den eine gruppa er søkarar som har fullført fag- og sveinebrev og som ønsker å få studiekompetanse (Vg4) og har påbyggingsrett.
Det er om lag 380 søkjarar med påbyggingsrett, om lag 200 har fått plass, 140 på førstevalet sitt. Ca 90 står utan tilbod etter første inntaket.
Den andre gruppa er søkarar med ungdomsrett som har fullført Vg2 yrkesfag går vidare på Vg3 påbygg i staden for å gå ut i lære. Det er om lag 930 søkjarar med påbygg som førsteval i denne gruppa. I overkant av 800 har fått plass, om lag 560 på førstevalet. Om lag 160 er utan tilbod etter første inntaket.
I Vestland er det framleis om lag 1500 ledige skuleplassar.