YTRING:

Beredskapslager er kanskje ikkje så dumt som det høyrast ut


Krigen rasar i Europas kornkammer og vi i vesten bryt alle band til Russland. Både Ukraina og Russland er store matprodusentar, og mat er som kjent noko vi alle treng kvar dag – året rundt. Ukraina har no stoppa all eksport og heile landet er blitt ei krigssone. Kornåkrane vert køyrt ned av stridsvognene, bøndene er kalla ut til skyttargravene og eksporten av landbruksprodukt frå landet er fullstendig stoppa. 

Ifølje opplysningskontoret for brød og korn har vi i eit normalår ein kornproduksjon i Noreg på rundt 1 200 000tonn korn. Dette er eit tal som vil variera veldig frå år til år då vær og klima spela ei stor rolle for resultatet. Av desse 1 200 000tonna er produksjon av matkveite omkring 175 000tonn (tal frå 2020). Matkveite er kveite med særs god kvalitet og eit høgt proteininnhald som gjer at vi kan nytte det til matlaging og kverne kornet til mjøl for baking. Men 175 000 tonn er berre 60% av det totale forbruket vårt av matkveite i Noreg – dei resterande 40%, eller nærmare 100 000tonn må vi hente inn frå utlandet. Noreg må då ut på verdsmarknaden og handle kveite. Vår største handelspartnar innan landbruksvarer er EU-landa, men vi hentar også ein del korn frå Russland, USA, Ukraina og Asia. Men når krisa no er eit faktum og fleire land stoppa eksport av landbruksprodukt for og sikre eiga befolkning, kva gjer ein då?

Tørkesommaren 2018 står framleis sterkt i minne hos dei fleste, og då spesielt hjå bøndene over heile landet. Avlingane tørka vekk. I 2018 var produksjonen av matkorn i Noreg under 30%. Vi måtte difor importere meir enn 2/3 av kveiteforbruket vårt. Den gongen henta vi store mengder korn frå mellom anna Ukraina, Russland og Kasakhstan. 

Ein sånn sommar kan vi få igjen. Ein sommar der alt svir vekk grunna lite eller ingen nedbør. Men vi kan også oppleve det motsette, eit år der alt regna vekk og avlingane druknar. Dette er ting som har skjedd før, og etter alt og dømme vil det skje igjen. Kvar skal vi då hente kornet vårt? Situasjonen i Ukraina og Russland kjem truleg til å få følgjer i mange år fram i tid, så vi må nok sjå andre vegar etter korn. EU har idag ein stor kornproduksjon i Tyskland, Frankrike og Polen men det er ingen automatikk i at desse landa skal hjelpe oss. Tvert om, dei vil først og fremst mette si eiga befolkning. Det same vil Kina og India som i dag er verdas andre og tredje største kveiteprodusentar. 

Gjennom heile den kalde krigen vart det lagra korn på kornlagera her i Noreg, i tilfelle ein krig skulle bryte ut og råke mattilgangen for innbyggjarane. Og det er akkurat det som no har skjedd. Hadde berre den tanken streifa vår førre regjering den gongen dei la ned kornsiloane rundt omkring her i landet, men nei. «det er jo trass alt berre og importere det vi treng» sa dei den gongen. Og no sit vi her. Prisen på importert kveite er no 160% høgare enn på same tid i 2020. Og den prisen skal ifølje økonomane stige endå meir. Auka utgifter til gjødsel, diesel og såfrø har nemleg råka bøndene over heile verda. I tillegg det er ein gang sånn at når etterspurnaden etter ei vare auka, so auka prisen. Dette kan i verste fall føre til krise i delar av verden fordi dei rike landa her i vesten kjøper opp alt kornet og pressar prisane endå høgare opp på den internasjonale kveitemarknaden. Land som Egypt og Libanon må idag importere nærmare 90% av kveiten dei treng. Berre i Egypt bur der over 100 millionar menneske, og fattigdommen er skyhøg. Ei prisauke på ei krone/kg vil få fatale konsekvensar for innbyggjarane. Men dei har lite og stille opp med, for vi i vesten har tatt den enklaste vegen og bygd ned vår eiga matjord og gjort kornsiloane våre om til museum. 

Jonas Haugsbø
Agronom og leiar i Høyanger Senterparti