- Tronvik med si lokalisering, bygningsmessige fortrinn og faglege tilbod må etter vår vurdering eigne seg særs godt til dette, meiner Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Ber Helse Vest vurdere utviding av ruspost på Tronvik

-All naudsynt infrastruktur ligg til rette for dette på Tronvik, meiner Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).


Helse Vest har invitert kommunar på heile Vestlandet til å kome med innspel til Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Som vertskommune for Helse Førde sin aktivitet på Tronvik, nyttar Høyanger høve til å påpeika at Distriktspsykiatrisk senter (DPS) i løpet av første halvår i år vert flytta til nybygg i Førde. Det betyr at 11 sengeplasser forsvinn, og med det rundt halvparten av dei 60 arbeidsplassane. Dermed står ein att med 15 sengeplassar på rusposten.  Kommunen fryktar også for at fellesfunksjonar kan forsvinne no som mykje av aktiviteten vert flytta til Førde. 

- Dette vil føre til mykje ledig areal i gode bygningar på Tronvik. Det er difor ønskjeleg at ein vurderer ulike alternativ for ei eventuell utviding av rustilbodet som allereie er ved hovudbygget på Tronvik, heiter det i uttalen signert ordførar Petter Sortland (Ap), som var oppe i kommunestyret i førre veke, og som dei slutta seg til.

Støtte frå fylket
I uttalen vert det peika på at all naudsynt infrastruktur ligg til rette for dette på Tronvik. 

- Tronvik med si lokalisering, bygningsmessige fortrinn og faglege tilbod må etter vår vurdering eigne seg særs godt til dette.

Sortland viser elles til at anlegget på Tronvik er verna, og Helse Vest og /eller Helse Førde må ha ein eller anna slags form for aktivitet på eigedomen.

Elles har ein registrert at spesielt Helse Bergen har eit aukande behov for behandling av pasientar som treng lengre tid til rehabilitering, enn det både Tronvik og andre tilbyr i dag. 

Då uttalen var oppe i kommunestyret vart det også vedteke at ein, etter forslag frå Einar Rysjedal (R), skulle be om støtte frå Vestland fylkeskommune, ved fylkesordførar Jon Askeland, i saka.   

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.