Aurora kjem til Utkant20


Som eit stjerneskot bergtok den ukjende Os-jenta Aurora Aksnes Utkant-publikummet i 2014. No vender ho tilbake som versstjerne for å gjere ein av sine få festivalkonsertar i 2020.

Mykje har skjedd sidan Aurora gjekk på Konge-scena på Utkant i 2014. Få hadde høyrt om den unge jenta fra Os, og såg på konserten hennar som ein bonus når dei allereie sat i sola på Skjerjehamn for å høyre Kari Bremnes: Men med si særeigne røyst og unike utstråling bergtok ho Utkant-publikummet og derifrå gjekk pilen berre ein veg.

Verda rundt

Dei siste seks åra har ho reist verda rundt og oppnådd enorm anerkjenning. No har Aurora signalisert at ho ønskjer å vere meir heime og roe ned reisinga ein periode. Men nokre jobbar gjer ho i 2020, og ein av dei er å spele på Utkant.

– Vi er veldig glade for at Aurora kjem tilbake til oss. Det er jo alltid noko spesielt når vi greier å booke ein artist akkurat på det tidspunktet vedkomande slår gjennom og kan gje Utkant-publikummet ei konsertoppleving dei ikkje hadde forventa og dermed aldri gløymer. Sånn trur eg det var mange som hadde det då dei fekk høyre og sjå Aurora i 2014. No kjem ho tilbake som ein fullstøypt artist med verdsomspennande suksess. Dette blir stas, seier festivalsjef Viggo Randal.

Møte familie

Sjølv om Aurora har ein stor fanskare utanfor landets grenser, og blir teken imot som ei superstjerne enkelte stader i verda, opplever ho det som noko heilt eige å spele konsertar på heimebane.

– Eg føler med naken og mykje mindre. På en fin måte! Her møter eg jo ein slags familie, så det følest veldig nært for meg, fortel Aurora.
Førre veke blei det også klart at Aurora skal vere avslutningsartist på Øya i sommar, ein av dei gjevaste «spottane» ein artist kan få her i landet.

– Avslutningskonserten på Øya blir nok spektakulær, men eg er overbevist om at Aurora i havgapet på Skjerjehamn blir ei festivaloppleving som skaper gåsehud, seier Randal.

Fleire namn

Men det er ikkje berre Aurora som legg turen til Skjerjehamn og Utkant i juli. Festivalsjefen har også to andre sterke, norske namn spikra.

– Både Kråkesølv, som må vere eit av landets beste rockeband, og Signe Marie Rustad, som blir lovprisa av anmeldarane for siste albumet sitt, er booka og klare for Utkant20.