No kjem ho tilbake som verdsstjerne for å skape magi på Skjerjehamn siste helga i juli.
-Vanvittig deilig å endelig få slippe første Utkant-artist. Det har vi gledd oss til lenge, sier Trude Birknes Pedersen i Utkant i ei pressemelding. -Førre gong Aurora var her, var det ei nesten utanomjordisk oppleving. Så mykje kraft i ei så ung sjel! Ho har jo bare blitt råare sidan sist gong hp var på Utkant, så dette kan ikkje bli anna enn ei fantastisk oppleving, seier ho.Blitt verdsstjerne
Mykje har nemleg skjedd siden Aurora gikk på Konge-scena på Utkant i 2014. Få hadde høyrt om den unge jenta frå Os, og såg på konserten hennar som ein bonus når dei allereie sat i sola på Skjerjehamn for å høyre Kari Bremnes. Men med si særeigne røyst og unike utstråling bergtok ho Utkant-publikummet, og derifrå gjekk pila berre ein veg. Siden då har hp reist verda rundt og oppnådd enorm anerkjenning. Blant annet omtalte New York Post ho som Disney-filmen Frost 2 sitt hemmelege våpen. Men sjølv om Aurora har ein stor fanskare utanfor landets grenser, og vert teken imot som ei superstjerne enkelte stader i verda, opplever ho det som noko heilt eige å spele konsertar på heimebane. -Eg føler med naken og mykje mindre. På ein fin måte! Her møter eg jo ein slags familie så det følest veldig nært for meg, fortel Aurora og legg til: -Eg vil jo at publikum skal føle seg heime på konsertane.mine. Vi er jo alle heime i musikken. Fleire artistslepp
Aurora var opphavleg booka som headliner til Utkant´20 men den festivalen sette pandemien ein effektiv stoppar for. Trude Birknes Pedersen og resten av Utkant-gjengen er difor veldig nøgde med at ho kan toppe dette årets festivalplakat. Dei fortel at programmet til sommarens festival byrjar å falle på plass og at det vil komme fleire spennande artistslepp dei neste vekene. -Det er jo ikkje til å komme forbi at det er mykje uvisse rundt korleis festivalsommaren ser ut, men vi planlegg no for å kunne arrangere Utkant på ein god, trygg og smittervernsvennleg måte i tråd med retningslinjene frå styresmaktene, seier Birknes Pedersen og viser til at det framleis er ganske langt fram til siste helga av juli. -Når det er sagt så trur eg det er mange der ute som verkeleg gler seg til å møte vener, nyte god musikk og ta inn den deilege festivalstemninga. Så det er utruleg gøy og motiverande å få vere med og planlegge dette.
