Det opplyser kommunedirektør Ørjan Haram om, først i formannskapsmøtet førre veke, så i orienteringa til kommunestyret fredag.
Nesse tok over som vikar for Helse og omsorg i februar, etter at Åse Iren Korneliussen sa opp stillinga som kommunalsjef mot slutten av 2023. I utgangspunktet skulle Nesse ha stillinga i seks månader, men administrasjonen har valt å utsette jakta på ny kommunalsjef til hausten. – Vi jobbar med utlysingsteksten, som skal drøftast med dei tillitsvalde, seier Haram. Stillinga har også tidlegare vore lyst ut utan at Høyanger har funne rett person til stillinga, og kommunedirektøren er glad for at Nesse vil halde fram. – Vi er veldig glad for at Bente er med oss minimum ut året, seier Haram.