Auka elevtal og halve klassar fylt opp som heile

Høyanger vidaregåande skule skulle berre gje tilbod på halve klassar i Industri- og teknologifag og Kjemiprosess- og laboratoriefag, men no har dei fylt klassane langt utover det.


Høyanger vgs. hadde i utgangspunktet berre halve klassar å tilby elevar som ønsker å gå på dei to linjene Teknologi- og industrifag og Kjemiprosess- og laboratoriefag, men spesielt den nyoppretta laboratoriefaglinja har vist seg populær, og skulen har tatt inn langt fleire elevar enn dei åtte ein halv klasse eigentleg skal ha.

– Det viser at det er eit behov for denne linja. I dag er det berre Høyanger og Årdal i gamle Sogn og Fjordane som tilbyr denne, seier rektor ved Høyanger vgs., Kristin Sagerøy Råsberg, til Ytre Sogn.

Garantert lærlingplass

På laboratoriefag har Høyanger no 14 elevar, som er ein elev frå talet til ein full klasse. Når det blir oppretta halve klassar på ein vidaregåande skule får skulen berre tilført midlar tilsvarande 75 prosent av ein full klasse.

Høyanger har likevel vurdert det slik at dei ønsker å fylle denne klassen opp så langt det lar seg gjere.

– Det er rift om desse plassane, og dette er også ei utdanning som næringa spør etter. Bedrifter som Hydro, Elkem, Nordic Mining og andre treng denne kompetansen, og det betyr også at vi veit at desse elevane vil få lærlingplassar, seier Sagerøy Råsberg.

På Industri- og teknologifag har dei tatt inn ni elevar, noko som er ein meir enn ein halv klasse.

Villige til å flytte

Talet på elevar ved Høyanger vgs. har også auka betrakteleg frå førre år, og det er no 120 elevar som er registrert i Høyanger. Av desse er 17 ein del av nettstudiar, der elevar som har fått lærlingplass kan ta påbygg under lærlingtida.

– Vi ser også at vi har linjer som folk er villige til å flytte for å gå på, seier Sagerøy Råsberg, og trekker fram elektrofag som ei av desse linjene, i tillegg til dei to halve klassane tidlegare nemnt.