Sidan det var flo sjø var det ikkje mykje arbeidsområde att i Austreimsfjøra for elevane frå Kyrkjebø skule.

Strendene på Kyrkjebø vart både rydda og vaska

I samband med aksjonen «Rein fjord», vart det torsdag 12. september arrangert ryddeaksjon langs heile Sognefjorden. Kyrkjebø skule var aktivt med i aksjonen, der ei gruppe var i Austreimsfjøra og ei i Krokasanden nedanfor kyrkja.


 I ausande regn møte Ytre Sogn ein entusiastisk flokk på veg til Austreimsfjøra. Første- og andreklassingane vart passa godt på av dei eldre elevane frå 6. og 7. klasse. Det mangla ikkje på humør og pågangsmot, trass det våte vêret. Dei yngste elevane fekk på seg redningsvestar. Kommunen hadde sytt for arbeidshanskar og plastsekkar til alle. 

Ein blid førsteklassing, Krisander Kolsrud, var klar for å plukke boss etter andre.

Tre som er klare til innsats. Frå venstre Oskar Hatlestad Moen, Victoria Dregelid og Nora Marie Høyvik Sundet.

Reingjering frå ovan

På ein av dei mest nedbørstunge dagane denne hausten vart opplevinga med aksjonen «Rein fjord» ei oppleving der det ikkje vart spart på vatnet. Dette til tross var det ingen sure miner å sjå. Mellom klissvåt tang og blanke fjøresteinar fann skuleborna ein del plast. 

Vi spurde førsteklassingen Krisander Kolsrud kva han skulle gjere denne dagen: 

– Eg skal plukke opp bosset etter andre, var det kontante svaret.

Krisander tykkjer ikkje det er greitt å kaste boss i naturen, noko han sjølv ikkje gjer. 

Det var vatn på alle kantar da Kyrkjebø skule skulle plukke plastsøppel i Austreimsfjøra.

Med friskt mot er dei yngste og dei eldste frå Kyrkjebø skule på veg til å rydde plastsøppel i Austreimsfjøra.

Ei våt organisering av elevane før dei kunne gå i fjøra og plukke plast.

Lite å finne

3. – 5. klasse var i Krokasanden utanfor kyrkja, leia av lærar Lidun Ljotebø. Dei fann berre 3kg plastavfall, sjølv om dei brukte jarnrive til å rote og leite med godt nedi sanden. 

– Det er jo nesten ingenting å finne, klaga nokre elevar. Eg måtte forklare at det måtte vi vere veldig glade for, fortalte ein smilande lærar.

God stemning

Rektor Linda Sagerøy Solaas sa at dagen hadde gått bra, trass alt. 

– Vi plukka ein del plastsøppel, men kom ikkje heilt i mål på grunn av vêret. Ungane såg ut til å kose seg uansett, sidan det vart eit avbrekk frå den vanlege skuledagen. Å kome attende til skulen, få av seg våte kle, og bli servert varm kakao og nysteikte bollar, var svært populært, fortalde rektoren. 

Ho fortalde vidare at skulen planlegg ein ny tur seinare når vêret har blitt betre. Da vil dei ha det som fysisk aktivitet, ete lunsjen ute, og vidareføre arbeidet dei starta på.  

Desse tre førsteklassingane var godt rusta for å plukke plast. Frå venstre Tobias Sigdestad Ljotebø, Sander Nes Kyrkjebø og Krisander Kolsrud.

Arbeidsøkta er godt i gang framfor nausta i Austreimsfjøra.