Byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen framfor området som blir planert ut som riggområde og handtering av sprengstein. (Alle foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen)

Arbeidet i gang på E39 Myrmel - Lunde

Entreprenøren er i gang med å sprenge og planere riggområde ved Myrmel, og om ein månads tid kan sjølve tunneldrivinga komme i gang på E39 Myrmel-Lunde.


Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Utbetring av den rundt fire kilometer lange strekninga på E39 mellom Førde og Lavik er no kome godt i gang, og denne veka starta sprengningsarbeidet opp i riggområdet, noko som medfører stengingar på inntil 15 minutt på E39.

– Folk må berekne ekstra tid om det er noko dei skal rekke, men vi vil unngå stengingar i tidsromma 07.00-09.00 og 14.00-17.00, som vi reknar som rushtidene.

Entreprenøren er no i full gang med å etablere riggområde sør for Myrmel, der servicetelt for tunneldrift skal opp, samt lager- og bearbeidingsplass for tunnelmasser.

– Det er full aktivitet og mange maskinar i arbeid, seier byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes i vegvesenet.

Førebur sprenging på Myrmel.

Blir omkøyring
Oppstarten på anlegget er  tre.fire månader forseinka, då ein klage på tildeling av kontrakten først måtte avgjerast rettsleg. Det enda med at vegvesenet fekk medhald i sine vurderingar, og kunne signere kontrakt med AS Birkeland Entreprenørforretning som planlagt.

Birkeland har fått med seg Hirth Himle Entreprenør AS og Fosse Maskin og Transport AS på graving og masseflytting på anlegget.

– I vekene framover skal vi etablere omkøyringsvegar i begge endane av tunnelen, og etter kvart vil omkøyringsstrekka bli asfalterte for å sikre god standard for trafikantane. Ganske raskt skal arbeidet med å sprenge ut forskjæringa på Myrmel komme i gang, slik at sjølve tunneldrivinga kan starte i byrjinga av oktober, seier Thorsnes.

Det er også utført mykje skogrydding på Lunde-sida, der maskinar no er i gang med å grave seg fram i påhoggsområdet der.

Biletet viser plassen tunnelen vil gå inn.

Ferdig i 2024
Veganlegget ser ut til å få god balanse i massehandteringa, slik at stein som blir sprengt ut kan nyttast på plassen, til å bygge den nye vegen og planere ut sideareala. Jordbruksareal som er teke til mellom anna riggområde skal førast tilbake til landbruksareal når anlegget går mot slutten.

Byggetida på anlegget er anslått til omlag 2,5 år, slik at veg og tunnel skal stå ferdig til bruk desember 2023. Rigg- og deponiområda skal ferdigstillast sommaren 2024. 
Anlegget består av omlag 1 kilometer tunnel, som går under gardane i grenda Myrmel. På kvar side av tunnelen er det rundt 1,5 kilometer ny veg som skal byggast, og denne vil gå ganske nær dagens trase. Prosjektet vil gjere E39 mellom Førde og Lavik tryggare, ved at svingar blir retta ut og vegen får betre standard. Eit godt nett av sidevegar vil også redusere trafikken med jordbruksmaskinar på E39, noko som det er ein del av i dag.

Bemanning på anlegget vil variere, frå rundt 30 personar frå byggherre og entreprenør no i oppstartsfasen, til rundt 70 personar når aktiviteten er på topp. Entreprenøren er no i gang med å etablere ein mannskapsrigg ved Sande kro og  hotell, der entreprenøren sitt personale skal innkvarterast. Sande kro og hotell skal drifte riggen.

Byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes og skogentreprenør Sigmund Fauske som står for hogst.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.