Rett svar på spørsmålet i tittelen er at alle desse nominerte – og mange fleire enn dei også – fortener litt ekstra heider og ære. Men det er no eingong sånn at det berre kan kårast ein «Årets høyangring» og ein «Årets hyllestading» kvart år, og kven det blir er opp til deg som les Ytre Sogn.
Kandidatane til dei to utmerkingane er basert på nominasjonar som redaksjonen i Ytre Sogn har fått gjennom eit spørjeskjema. Felles for alle dei nominerte er at dei har eit stort engasjement, men det viser igjen på ulike måtar og område. Ein vil kunne stemme fram til fredag 20. desember, og som i tidlegare år vil vinnarane bli avslørt og presentert av Ytre Sogn i romjula. I fjor fekk vi inn over 2700 stemmer, og vi oppfordrar alle til å stemme på sin kandidiat. Men ver snill og stem berre ein gong, så slepp vi å luke ut dobbeltstemmer...