– Høyanger Hotell er ein viktig samlingsstad midt i sentrum. Det sa kultursjef Anita Nordheim då ho laurdag representerte kommunen i samband med at hotellet feira 100 år.
Ho overrekte hotelleigar Frank Ytredal eit måleri av Odd Melseth, som syner Høyanger sett frå fjorden. –Det er mange av oss som har eit godt forhold til Høyanger Hotell, det gjeld i alle generasjonar. Her har ein møttes til både sorg og glede. Eg tenkjer då på familiefestar oim til dømes konfirmasjon og bryllaup, men og grevferder. Det er gledeleg å sjå at hotellet har same bruken i dag som i gamle dagar, sa Nordheim. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!