10 Nyrstar-tilsette reiser til Husnes


I alt 10 tilsette frå Nyrstar i Høyanger skal jobbe hos Hydro Husnes det neste halvåret.

Det er klart etter at fristen gjekk ut i dag tysdag.

- Dei reiser nedover allereie om halvanna veke, opplyser hovudtillitsvald Lars Kjetil Skeie hos Hydro Høyanger til Ytre Sogn.

Det er han og personalsjef Jonny Manseth, saman med kollegaer på Hydro Husnes, som har stått bak initiativet med å skaffe dei mellombelse jobbar ved aluminiumsverket i Kvinnherad. Det er snakk om eit halvårig prosjekt i omforinga, fram til mai neste år.



På den måten håpar ein å unngå å miste viktig industrikompetanse i Høyanger, samtidig med at ein kjøper seg meir tid når det gjeld å få i gang ny aktivitet i Nyrstar sine lokale. 



Det var i september det vart kjend at konsernet, med hovudkontor i Nederland, ville leggje ned fabrikken i Høyanger. Dermed mistar også 36 personar jobbane sine.


Som Ytre Sogn tidlegare har fortald, var det i førre veke informasjonsmøte med dei Nyrstar-tilsette om dei nye jobbmoglegheitene på Husnes. Då sa Skeie at dei hadde tru på at 10-12 kom til å seie ja til å reise til Husnes for ein periode. 



- Så at 10 no har sagt ja til - og fått tilbod om - å jobbe på Husnes må vi seie oss nøgde med, seier Skeie.