Reiser langvegs frå til bilbingo i Skifjorden

Skifjord Grendalag har begynt å arrangere bilbingo, og det har blitt ein stor suksess.


Idar Kristian Haugen Gjervik og kjærasten flytta frå Stryn til Skifjorden for ei tid tilbake. I Stryn har bilbingo vore ei greie i lang tid, og dei var interesserte i å sjå om det og kunne vere mogleg å få til dette i Skifjorden. Tidlegare i sommar arrangerte derfor  Skifjorden Grendalag sin første bilbingo.

– Vi tenkte at det hadde vore kjekt å teste det ut i bygda, og sjå om det kunne vere noko interesse for dette. Det er kjekt å prøve ut litt nye ting, seier Gjervik.
Hittil har det blitt arrangert to bilbingoar som begge har vore veldig vellukka. Folk er engasjert og vil delta på det som skjer.

– Det har vore bra oppmøte. Ofte sit det to personar eller fleire i kvar bil, så det har vore ein god del som har delteke. Det har til og med kome folk frå Jølster og Førde som har vore med. Hittil har vi hatt bingoen på søndag, så folk har teke det som ein typisk søndagstur og tatt turen innom, seier Gjervik.

Det har vore kjekt for grendalaget å sjå det gode oppmøtet og høyre dei gode omtalane i etterkant. Det gir dei motivasjon til å fortsette å arrangere bilbingo.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar og folk er veldig positive. Vi håpar at enda fleire ønsker å delta på dei komande bingoane. Det er kjekt å sjå at det blir teke godt imot, og at det er rom for å prøve ut nye ting, seier Gjervik.

Nytt høgtalaranlegg
Bingoen blir utført ved at bilane parkerer og skrur ned vindauga sine. Ein får kjøpt bingo-blokker av grendalaget på staden, og så blir tala og anna informasjon lest opp på staden via ein høgtalar. Det er 13 moglegheiter for å få bingo og premie kvar gong den blir arrangert.

– Sist gong vi hadde bilbingo var det regn, og det merka vi at var litt utfordrande. Det vart litt meir utfordrande å høyre kva som vart lest opp, men det gjekk bra og vi fekk gjennomført på ein god måte.

No har grendalaget gått til innkjøp av eit nytt høgtalaranlegg som skal bli brukt framover. Dette høgtalaranlegget skal brukast i forskjellige samanhengar, og dei håpar dette vil vere med å gjere opplevinga enda betre.

Lykketalspott
Neste gong bilbingoen blir arrangert i Skifjorden er laurdag 26. august. 
– Denne dagen har vi ein lykketalspott med ekstra premie, så vi håpar at ekstra mange vel å ta turen til Skifjorden og prøve ut bilbingoen vår då.