Presenterte bok om barndomsbyen


-- Eg er glad for at boka no endeleg er ferdig, og håpar at mange andre også blir glad for den, og kjenner seg att, seier Wenche Fossen til Ytre Sogn. Denne veka var ho på Eldresenteret i Høyanger og presenterte «Gatelangs i barndommens by».  

Etter tre år med grundig gjennomgang av Høyanger si historie, der ho blant anna har brukt historisk litteratur, aviser, dokument og kjelder, er boka til Wenche Fossen kalla «Gatelangs i barndommens by» ferdig.

– Eg er glad for at boka no endeleg er ferdig, og håpar at mange andre også blir glad for den og kjenner seg att. Det å gå i djupna på historia i Høyanger har vore både kjekt og veldig interessant, der eg også har lært mykje sjølv. I arbeidet med dette har eg fleire gonger vore tilbake i Høyanger, der eg har fått god hjelp med bilete og snakka med folk som velvillig har aust av sin kunnskap, noko som har vore veldig kjekt, seier ho.

Les meir i Ytre Sogn fredag!