Kim Ronny Nygård frå Hyllestad tok bronse i EM i biljard tidlegare i juni. Nygård har også hatt suksess i EM tidlegare, og dette bildet er frå EM i 2021 der han også tok ein sterk bronseplass. (Foto: EPBF)

Bronse til Hyllestad i EM i biljard

Biljardspelarane Astrid Eiken Flage og Kim Ronny Nygård var med og representerte Noreg i EM i biljard. Meisterskapet enda i pallplassering for ein av utøvarane.


Biljardspelarane spelar til vanleg for Hyllestad IL. Styreleiar for biljardgruppa, Jan Erik Hatlem og klubben er stolte over å ha hatt to utøvarar på landslaget under EM. Astrid Eiken Flage var med i dameklassen og deltok også i lagspel, medan Kim Ronny Nygård var med i klassen for rullestolbrukarar. 

I 9-ball vart det ein rask exit for Flage med to tap, medan det gjekk noko betre i 8-ball. Her vinn ho første kampen men tapar den andre og endar med å spele tre kampar på taparsida av turneringa. Her vart det stopp i tredje runden der stillinga vart 4-6 mot svenske Helena Nyberg.

Tøff motstand
Nygård møtte også tøff motstand i sin klasse. I 8-ball spelte han to kampar. Resultatet er tett, men ender i 4-5 tap mot britiske Daniel Luton.

I 9-ball går det mykje betre. Her vinn han dei to første rundane 7-4 og 6-5. I vinnarkvalifikasjonen ender det i eit 4-6 tap, og Nygård måtte dermed spele taparkvalifikasjonen. Denne vinn han 6-4 mot britiske Daniel Luton, og var dermed vidare til semifinale. Her ender det i eit 2-6 tap mot irske Fred Dinsmore.

Meisterskapet ender dermed med ein bronsemedalje til Nygård i 9-ball i klassen for rullestolbrukarar.

Astrid Eiken Flage deltok og i lagspel saman med Nina Torvund som har bakgrunn frå Hyllestad IL Biljard, men som no representerer Trondheim BK. Her enda det i to 1-2 tap, og tidleg exit i lagspelet.

Snart er det fleire utøvarar frå Hyllestad IL Biljard som skal representere Noreg i internasjonale meisterskap. I juli skal Benjamin Herland Aralden frå klubben representere landslaget til Noreg i EM i juniorklassen.