God drift og godt resultat for Hydro Høyanger i andre kvartal

Fredag presenterte Hydro Høyanger eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 170 millionar kroner for andre kvartal 2023.


Fabrikksjef Ann Øygård er nøgd med resultatet i ein aluminiumsmarknad som framleis er usikker. 

– Vi har oppnådd gode resultat på grunn av effektiv utnytting av produksjonskapasiteten og solid drift. Sjølv om marknadsutsiktene er usikre, har etterspørselen etter valseblokker, som vi leverer frå Høyanger, vore relativt stabil, seier fabrikksjefen.

Øygård framhevar den betydelege innsatsen frå dei tilsette innan drift og sikkerheit som avgjerande for det gode resultatet.

– Organisasjonen legg ned ein veldig god innsats for å sikre effektiv og stabil drift. For ein relativt liten aluminiumsfabrikk, og spesielt i meir krevjande marknader, er prestasjonen til kvar enkelt tilsett viktig for å oppnå gode resultat.

Gjennom sommaren vil sikkerheit vere øvst på agendaen når 60 vikarar no er på plass for å halde hjula i gang gjennom ferien. 

– Grundig opplæring og fokus på sikkerheit er vår øvste prioritet for ferievikarane, som utgjer ein tredjedel av driftsorganisasjonen i sommar. Ikkje minst med tanke på varme, spesielt i elektrolysehallen. Då må det etablerast gode rutinar for at jobben skal gjerast på ein trygg og forsvarleg måte, seier Øygård. 

Resirkuleringsanlegget tar form

Fabrikksjefen er svært nøgd med at arbeidet med den nye resirkuleringsfabrikken for brukt aluminium på den gamle Fundo-tomta går etter planen. 

– No ser vi at fabrikken tar form, med veggane som er i ferd med å reise seg. Samtidig har vi starta rekrutteringsprosessen for rundt 20 personar som skal drifte anlegget når det etter planen startar opp i desember. Fem operatørar er allereie tilsette, og skal få opplæring på Hydro sin resirkuleringsfabrikk i Luxemburg for å sikre kompetanseoverføring og ein best mogleg oppstart i Høyanger.