PERSONVERN OG BRUKARVILKÅR

Sist endret: 21.03.2022

Vi tek personvern alvorleg og ønskjer å vere så opne som mogleg med kundane våre om korleis vi ivaretek dette.

Her kan du lese kva informasjon vi lagrar om deg, og kvifor vi gjer det.

Du vil også finne informasjon om korleis du kan få dine data sletta permanent.

Kvifor er dette viktig?

I 2018 vert nye personvernreglar innført i Norge, som følgje av eit nytt EU-direktiv. Dette medfører at du som kunde har rett til å få vite kva informasjon om deg som vert lagra, korleis den vert brukt og korleis du kan få denne sletta.

Her finn du både informasjon om korleis vi behandlar personopplysingar, i tillegg til generelle brukarvilkår for bruk av Ytre Sogn.

BRUKARVILKÅR

Gjeldande vilkår er dei som til ei kvar tid ligg på denne sida. Du finn brukarvilkåra i botnteksten nedst på nettsida.

Med ditt digitale abonnement har du tilgang til alt innhald som vert publisert på nettsida vår.

Nye abonnementsprisar vert kunngjort gjennom annonsar i avisa/nettsida til avisa seinast 1 månad før dei trer i kraft. Avisa held på retten til når som helst å endre prisen på det løpande abonnementet.

Tilgangen er knytt til ditt personlege abonnement, og det er tillete å lese produktet frå 20 einingar - altså ulike nettlesarar - som betyr at tilgangen kan delast med 2-3 familiemedlemer, alt avhengig av tal einingar som vert nytta. Bedriftsabonnement kan nyttast av 6-8 personar.

Desse vilkårene kan endrast, men ikkje utan annonsert førehandsvarsel.

Alle priser er inkl. mva. Ditt abonnement vert betalt på forskot, og vert fornya månad for månad. Abonnementet løper til det vert sagt opp. Ved oppseiing løper det ut perioden du har betalt for, men blir ikkje fornya. Eit digitalt abonnement kan ikkje stoppast mellombels eller overflyttast til annan person i avtalt abonnementsperiode.

Dersom brukarnamn/passord eller tilgangen for øvrig til digitale utgåver/tilgangar vert misbrukt på nokon som helst måte, held avisa på retten til å stenge tilgangen til digitale tenester med øyeblikkeleg verknad. Ved misbruk vert det ikkje gitt nokon refusjon.

Oppseiing må skje frå Min side.

Kopiering: Alle artiklar, fotografi og grafikk med meir vert stilt til rådvelde for vising/lesing. Det må gjerne skje utskrifter av ein papirkopi til eige, personleg bruk. Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje skrive ut materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk for øvrig. Dette gjeld også vidareformidling i elektronisk eller digital form. Det vert her vist til opphavsrettslova.

PERSONVERNVILKÅR

Ytre Sogn lagrar følgjande informasjon om deg frå du registrerer deg som abonnent hos oss:

  • Namn
  • E-post
  • Telefonnummer i samband med mobilverifisering
  • Ein kryptert versjon av ditt passord (som vi sjølvsagt ikkje kan sjå)
  • Kva eining du brukar når du surfer på nettsida vår
  • Kva nettlesar eller app du nyttar
  • Dersom du har gitt eininga di - til dømes mobiltelefonen eller datamaskina - eit eigedefinert namn, blir også dette lagra.
  • Vi lagrar også tidspunktet du sist leste ein artikkel, samt tidspunktet for siste gong du logga deg inn
  • Informasjon om kjøpa dine hos oss
Det er Ytre Sogn som står ansvarleg for all behandling av personvernopplysningane dine. Som brukar av nettstaden vår samtykkjer du til at vi kan lagre og nytte denne informasjonen.

Ytre Sogn kan i visse samanhengar ta direkte kontakt med noverande eller tidlegare abonnentar via telefon, e-post eller post med informasjon om tilbod eller anna relevant informasjon knytt til kundeforhold. Det er mogleg å reservere seg mot dette ved å ta kontakt med Ytre Sogn.

Vi sel ikkje informasjon du som brukar legg igjen hos oss vidare, og personopplysingane dine vil ikkje bli utlevert til andre.

Einingar

Her inner du ytterlegare informasjon om kva ei eining er - og korleis desse vert rekna.

Cookies / Informasjonskapslar

Ytre Sogn lagrar cookies - informasjonskapslar - for å kunne kjenne deg igjen som brukar, slik at du slepp å logge deg inn for kvar gang du besøker oss. Vi brukar også denne informasjonen for å kunne kalkulere kor mange einingar du har. Dette gjer vi for at vi og du skal kunne kontrollere kven som nyttar abonnementet ditt. Du finn denne oversikta på Min side.

Dei fleste nettlesarar godtek automatisk informasjonskapslar, men du kan til vanleg endre nettlesarinnstillingane dine til å avvise cookies om du føretrekk det. Metoden for å slette informasjonskapslar vil avhenge av kva type nettlesar du nyttar. Hjelpefunksjonen til nettlesaren din kan hjelpe deg med å konfigurere nettlesaren din for å hindre informasjonskapslar eller slette eksisterande informasjonskapslar.

Ver merksam på at enkelte funksjonar på nettsida kan vere heilt eller delvis avhengig av at du godtek bruk av informasjonskapslar.

Kjøpshistorikk

Vi lagrar informasjon om dine kjøp hos oss. Dette vert gjort for at du skal kunne hente ut kvitteringar - som du finn på Min side - og for at vi skal kunne yte kundeservice dersom det oppstår problem med abonnementet ditt.

Tredjepartar

Google Analytics

Vi brukar Google Analytics til å analysere data om lesartal og abonnementskjøp på nettsida vår. Vi hentar imidlertid ikkje ut individuell informasjon om deg frå desse dataene.

Her kan du lese Googles personvernregler - og informasjon om korleis du kan reservere deg mot at Google sporar og nyttar informasjon om deg.

Stripe

Ytre Sogn nyttar Stripe som leverandør av vårt betalingssystem. Det betyr at det er Stripe som handterar all kortinformasjon og alle detaljar rundt dine betalingar. Her kan du lese meir om korleis Stripe behandlar personopplysingar.

Facebook Pixel

Ytre Sogn innhentar også informasjon om korleis reklamekampanjane våre fungerer på Facebook - til dømes kva kampanjar som fører til kjøp av abonnement hos oss. Vi hentar imidlertid ikkje ut individuell informasjon om deg frå desse dataene.

Her kan du lese meir om korleis Facebook handterer personvernreglane.

Lynx Publishing AS

Alle våre data vert laga hos vår leverandør Lynx Publishing AS.

Dine data

Du kan til ei kvar tid slette all informasjon vi lagrar om deg, ved å slette brukarkontoen din på Min side.

I så fall vert all informasjon vi har lagra om deg fjerna frå nettstaden vår, og vi vil ikkje ha tilgang til denne informasjonen i ettertid.