Anders får lokalt fysioterapitilbod


Hofteopererte Anders Søreide er ein av mange som no får lokalt fysioterapitilbod.  Ordførar Petter Sortland opna måndag det fysikalske rommet ved Sørsida Bygdetun.

-Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har reist til Hyllestad, Lavik og  Høyanger for å få behandling, seier Anders Søreide til Ytre Sogn. Tidlegare har eg hatt problem med både nakke og skulder, og på vårparten i år måtte eg operere hofta. Eg er glad for at dette tilbodet har kome til denne sida av fjorden, for det gjer alt så mykje lettare for oss, seier han.

Les meir i Ytre Sogn fredag

Ordførar Petter Sortland opna det Fysikalske rommet ved Sørsida Bygdetun. Susanne Mølmesdal, som skal vere fysioterapeut ved avdelinga tok i mot blomster frå ordføraren.

 

Ordførar Petter Sortland opna det Fysikalske rommet ved Sørsida Bygdetun og heldt tale til dei frammøtte.