Framleis på vakt mot vind­kraft­utbygging

Søndag vart det på ny brent vardar både lokalt og nasjonalt som ei markering mot vindkraft.


Kommunestyrevalet er over og i Høyanger vart det fleirtal mot vindkraftutbygging. Ordførar Petter Sortland gjekk raskt ut etter valet med ei melding om at utbygginga av Snøheia er skrinlagt med bakgrunn i at ein ikkje fremjar saker som ein veit ein taper.

Men Einar Rysjedal i Raudt og Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn meiner det framleis er viktig å vise motstand mot vindkraftutbygging i Høyanger.

– Hydro gjekk ut etter valet og sa at dei ikkje hadde gitt opp håpet om vindkraft på Snøheia, og at dei framleis har eit ønske om å få realisere prosjektet. Alt tydar på at dei vil halde fram med arbeidet sitt, men kanskje ikkje like synleg som før valet. 

Varden som vart tent ved Bergsvatn søndag som ei markering mot vindkraftutbygging var godt synleg frå Høyanger sentrum. (Foto: Privat)

Nasjonal markering
Det vart fyrt opp vardar over heile landet søndag kl. 18. I Høyanger var det vardar både i Høyanger og på Austreim.

– Vi laga til varden i Høyanger oppe ved enden av demningen til Bergsvatn. Der er varden godt synleg frå Høyanger sentrum, og vi var omlagt 20 personar som møtte opp.

Det har vore liknande markeringar med vardebrenning fleire gongar tidlegare. Sist gong var 11. februar, og den gongen var det og ei markering på bytorget i Høyanger der over 60 personar møtte opp for å syne sin motstand mot vindkraft.

Denne dagen vart det og brent  20 - 30 vardar frå Svalbard i nord til langt sør i landet spesifikt som ei støtte til motstanden mot Snøheia-prosjektet.

– Vi gjennomfører desse vardebrenningane som ei tydeleg og synleg markering opp mot vindkraftutbyggarane om at vi er på vakt, og er ein gjeng som står på vårt.

Også på Austreim vart det brent varde søndag. (Foto: Privat)