Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn

Lokal kraft - la oss bruke den lokalt


Hydro ved Halvor Molland svarar oss med overskrifta “Lokal kraft for sterke lokalsamfunn”. Den er så god at vi kunne brukt den sjølv. Molland skriv til oss som bur i ein region med årleg kraftoverskot på 10 TWh. Vi produserer ei enorm energimengde, hovudsakleg vasskraft, som har gjeve oss flotte og levedyktige industri- og kraft-kommunar. Hydro sine aluminiumsverk i Høyanger og Årdal – med svært kompetente tilsette – skapar betydelege verdiar som vert tilført konsernet. Når vi har eit kraftoverskot – la oss bruke det lokalt! 

Det er ingen nye og konkrete opplysningar i Hydro sitt innlegg, men ei utsegn om at dei ikkje vil bygge ut kraft dersom kostnaden vert for høg og at konsekvensutgreiing skal klargjere dette. Enten har ikkje Hydro innsikt i formålet med ei konsekvensutgreiing, eller så er dette ei spekulativ utsegn for å påverke til eit ja til konsekvensutgreiing. Konsekvensutgreiinga dei ønskjer, er eit påkravd tiltak for konsesjon og skal avklare ev. avbøtande tiltak. Ein kompetent vindkraftutbyggar vil på førehand ha eit estimat på utbyggingskostnadane. 

Molland insinuerer at vi snakkar usant når vi påstår at ingen kan drive aluminiumproduksjon med vindkraft. Dette framstår som eit simpelt forsøk på å latterleggjere oss, for sanninga er som også Molland veit, at vindkraft med kapasitetsfaktor på 32% ikkje kan levere kraft jamt og trutt. Vindkraft krev “støttehjul” i form av balansekraft for å kunne levere til prosessindustri med ekstreme krav til leveringsstabilitet. Og balansekrafta har ein kostnad. Om ikkje Hydro Aluminium betalar for den, må vindkraftverket eller samfunnet betale.

Vi nytta det svenske vindkraftselskapet Markbygden Ett AB som eksempel på dette og på kor dyr balansekraft kan bli. Dei innfridde ikkje kontrakten med Hydro pga. kostnader til balansekraft og søkte konkursbeskyttelse. Hydro seier i si eiga pressemelding at heilt eller delvis utfall av kraftleveransen frå Markbygden Ett på 1,65 TWh per år fram til 2040 ikkje er kritisk. Derimot har Hydro sidan valet 2023 framstilt at bygging av 1,6 TWh i Årdal og Høyanger og Sunnfjord er kritisk og påkravd. Molland sine siste utsegner poengterer at Hydro eigentleg ikkje meinte det dei skreiv i pressemeldinga, som han sannsynlegvis var ansvarleg for.

At vindkraft er dyr kraft, kan ikkje bortforklarast. Vi har påpeika at samla kostnadar med utbygging, drift/vedlikehald, kraftoverføring, balansekraft, skattar/avgifter og tilbakeføring av området etter endt konsesjonsperiode, vil overskride dei 30-40 øre/kWh som Hydro oppgjev som si tolegrense for aluminiumsproduksjon i Noreg.

Prisområdet NO2, som har størst vass- og vindkraftproduksjon i landet, har dei absolutt høgaste kraftprisane. Dette fordi vasskraftprodusentane her har dei største magasina, og sel krafta dyrt når produksjonen av ikkje-regulerbar kraft (frå vind og sol) er låg i Noreg og Europa. Når kraftnettet sørover frå vår eigen region no vert forsterka, vil vi få ei tilsvarande prisutvikling. 

Vi er vel vitande om at Hydro har ca. 9,4 TWh eigenprodusert vasskraft som kan nyttast som balansekraft. Ein dryg tredel av denne krafta, er etter konsesjonane bunden til industriproduksjon i Årdal. Dermed har Hydro ca. 6 TWh som dei delvis kan nytte som sterkt intern-subsidiert balansekraft. Til dette er å påpeike at Hydro per i dag vel å ha 11% av elektrolysekapasiteten utkopla og vil dermed heller selje krafta i marknaden.

Kostnaden for vindkraft vert også illustrert ved Eviny sitt oppkjøp av vindkraftverka Guleslettene og Tellenes. Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik orienterte om ein forventa framtidig salspris på over 60 øre/kWh for vindkrafta - dette utan tilleggskostnadane for balansekraft.

Konserndirektør for Hydro Energi, Arvid Moss, uttalte seg nyleg i EnergiWatch om selskapet sitt kraftbehov og vindkraft. Han kjem med nokre merkelege utsegner. Han seier at vindkraftressursar på land i Noreg er veldig gode og gjev høg produksjonstid per år. Vidare seier han at det er billeg å bygge ut i Noreg pga. grunnforholda med mykje berg og stein.

Veit han ikkje at kapasitetsfaktoren for vindkraft siste tiår i Noreg var berre 32 %, og at store mengder fjell må sprengast for å bygge lange og krevjande tilkomstvegar og oppstillingsplassar? Er han ikkje klar over dei klimatiske forholda 1000-1400 moh. halve året og korleis desse påverkar tilkomsten og vedlikehaldet?

Vidare poengterer han at Noregs verkeleg store konkurransefortrinn, er balansekraft frå vasskraft. Men er han ikkje klar over at vi har omfattande eksportkapasitet ut av landet, og at eigarane av dei aktuelle kraftverka sjølvsagt ikkje er tente med å selje underprisa balansekraft til Hydro? Moss er nok klar over desse problemstillingane. Utsegnene hans er ikkje anna enn ein informasjonsstrategi koordinert med Molland for å påverke lokalsamfunna!  Moss påpeikar vidare at det blir eit gap i selskapet si kraftforsyning på 2020- og 2030-talet. For oss er det forbausande at eit selskap som har drive med kraftintensiv industri i nær 120 år, har hatt ein så sviktande strategi for kraftdekning, at dei no “plutseleg” manglar 5 TWh.

Kvifor kan ikkje Hydro opptre eintydig og konkret i kommunikasjonen sin? Selskapet må ha ein strategi som spesifikt beskriv kor mange MW, kva effekten skal nyttast til, når og kvar dette skal implementerast, samt kor mykje energi selskapet årleg skal selje. Innbyggarar og lokalpolitikarar ved Hydro sine produksjonsstader må få innsikt i dette for at Hydro skal ha truverde.

Vi ønsker å ha ein levedyktig, kraftkrevjande industri i Noreg. Det er difor frustrerande å sjå  jaget etter unødvendig nedbygging av norsk natur når vi har eit årleg kraftoverskot i Noreg som overskrid Hydros totale kraftforbruk ved dei fem aluminiumsverka. Ei statleg styrt omprioritering av Noregs kraftressursar, kombinert med utstrekt energieffektivisering og oppgradering av vasskraft, er nødvendig og vil sikre eksisterande kraftintensiv industri.

Fokuset i dette innlegget har igjen vore retta mot økonomi. Men landbasert vindkraft i Noreg bryt med alle tre berekraft-dimensjonar: miljø, sosialt og økonomisk. Dei to førstnemnde vil vi utdjupe ved ein seinare anledning.

Albert Berveling
For Folk og Fjell

Ingunn Kjelstad
Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn