Vindkraft passar ikkje saman med kraftkrevjande industri


Hydro Aluminium - ein storforbrukar av elektrisk kraft.

Hydro sine fem aluminiumsverk i Norge brukar årleg ca. 17 TWh ved full drift. Hydro Energi har eigne heileigde vasskraftverk som årleg produserer ca. 9,4 TWh. I tillegg har selskapet langsiktige kontraktar med eksterne kraftleverandørar på ca. 10 TWh. Ein av desse leverandørane er det svenske vindkraftselskapet Markbygden Ett AB, som skal levere 1,65 TWh per år til Hydro.

Ein gullkanta avtale for Hydro - inntil no?

Markbygden Ett er det første utbyggingssteget av det største vindkraftverket i Sverige, plassert vest for Piteå nord i Bottenvika. I 2017 inngjekk selskapet Markbygden Ett AB avtalemed Hydro Energi AS om kraftleveransen, som utgjer 10% av behovet til dei fem norske aluminiumsverka. Kontrakten forpliktar Markbygden Ett til ein fast årleg leveranse fram til2040, uavhengig av vindtilhøve. Dette betyr at når vindturbinane ikkje produserer nok, enten det kjem av for låg eller høg vindstyrke, vedlikehald, havari, problem med ising eller andre uføresette uforutsette hendingar, så må Markbygden Ett AB kjøpe inn tilgjengeleg balansekraft og dekke meirkostnadene ved dette.

Dette har resultert i at Markbygden Ett AB i 2022 måtte kjøpe balansekraft for 730 millionar norske kroner for å innfri kontrakten med Hydro. Balansekrafta er no svært dyr pga. energisituasjonen i Europa, auka kraftoverføring via kablar frå Norge og Sverige og andelen vindkraft i Norden og Europa i høve til total kraftproduksjon. Konsekvensen er eit betydeleg tap for eigarane av Markbygden Ett AB. Vidare har den praktiske konsekvensen for Hydro vore at selskapet har mottatt 0,9 TWh for lite kraft fra Markbygden i perioden februar-september 2023, tilsvarande ca 140 millionar kroner. Gjelda til Markbygden Ett AB si gjeld utgjer i dag ca 6 milliardar kroner. Vindkraftselskapet ønskjer no å heve kontrakten med Hydro, og heller selje framtidig produsert kraft på spotmarknaden.

Ei sjølvmotseiing - som berre Hydro kan forklare Eit bortfall tilsvarande 10% av forbruket ved Hydro sine norske aluminiumsverk, med ei varigheit fram til 2040, vert oppfatta som betydeleg av eksterne observatørar. Hydro derimot, forsikrar i si pressemelding den 14. november: “The process may affect deliveries under the long-term power contract between Markbygden Ett AB and Hydro Energi AS, but it will not affect the security of supply to Hydro’s Norwegian smelters.”

Sjølvmotseiinga er at tidlegare i år uttala fleire Hydro leiarar at utbygginga av vindkraft på Snøheia og Årdalsfjellet – til saman 1,6 TWh, altså litt mindre enn kontrakten med Markbygden Ett – var påkravd for å sikre arbeidsplassar ved aluminiumsverka i Høyanger og Årdal. Dette stadfesta Ola Sæter, leiar for Hydros aluminiumsverk, i brev til både Høyanger og Årdal kommune. Og før valet i september gjekk konserndirektør Hilde Aasheim ut i riks- og lokal-avisar og ba samtlege norske kommunar om å seie ja til vindkraft for å tryggje norsk kraftkrevjande industri.
Vi spør oss dermed kva som er forskjellen mellom norsk og svensk vindkraft...?

Kva lærdom sit Hydro att med?

Det veit vi ikkje. Men i våre organisasjonar har vi fått nok ei god stadfesting på at vindkraft ikkje er kompatibelt med kontinuerleg, kraftkrevjande industri. Eigarane av Markbygden Ett har fått sårt erfare at ein stadig aukande andel vindkraft i den totale kraftproduksjonen, saman med auka behov for balansekraft - har ført til ein stadig høgare pris på balansekrafta, og igjen ein generell prisauke på elkraft. Tala til vindkraftverket Markbygden Ett viser ein reell kostnad for vindkrafta på omlag 80 øre/kWh, når vi inkluderer den nødvendige balansekrafta.

Med bakgrunn i dette meiner vi at det er en utopi at Hydro skal oppnå dei annonserte 30-40 øre/kWh - som selskapet seier er tolegrensa for elkraft til norsk aluminiumelektrolyse - ved hjelp av nye vindkraftutbyggingar på Snøheia eller i Årdalsfjella.

Erfaringane fra Markbygden Ett viser at ein stadig auka andel vindkraft er ein trussel for eksistensen til norsk kraftkrevjande industri. Det er det motsette av både Hydro og våre ønskje om å sikre arbeidsplassane ved aluminiumsverka i Høyanger og Årdal.

Albert Berveling
For Folk og Fjell

Ingunn Kjelstad
Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn