Kva med reiselivsnæringa i vindkraftsaka?


Høyanger kommune ligg ved ein av dei vakraste fjordane i verda, eit ynda turmål for turistar frå heile verden. Og denne turismen er ikkje ny. Keiser Wilhelm vitja Balestrand i ei årrekke frå seint på 1800 talet. Dei første turistrutene vart òg etablerte allerede på 1800 talet, då Fylkesbåtane etablerte seg her. I 1889 kom det 79 store turistskip inn fjorden og til Gudvangen, så vi kan vel trygt seie at det har vært eindel turistar innom Sognefjorden i tidenes løp. 

No var jo kanskje ikkje akkurat desse turistane innom Høyanger kommune, men det er mange fleire innom kommunen vår ila eit år enn det folk flest er klar over. Pr. i dag er det 117 registrerte arbeidsplasser innanfor overnatting og servering i Høyanger kommune. Hydro har til sammenligning 156 ansatte. 

I Høyanger kommune er det ca.40 utleige einheter på ferie og fritidsmarkedet, og vi har i tillegg 4 hotell og campingplass. Og for ikkje snakke om alle som kjem med bubil og campingvogn. Det vært sagt at turisme ikkje har blitt satsa på i Høyanger, og frå kommunal side, så er kanskje dette riktig. Men det er fleire aktørar som aktivt har jobba med turisme i mange, mange år, og som fortjener ei stemme.

Eg velger, naturligvis, å ta Borks Feriehus i Vadheim som eksempel. Borks har eksistert i Høyanger kommune i snart 25 år. Den første hytta vår sto ferdig i kommunen i år 2000, og sidan den gongen har bedrifta utvikla seg jamnt og trutt. Pr. i dag representerer Borks 24 hytter fordelt på sørsida og nordsida av Sognefjorden. Vi har 13 ansatte i større og mindre stillinger her i kommunen. 

Våre gjester kjem frå Tyskland, Nederland, Sveits og Østerrike for å oppleve norsk natur, villmark, stillheit og ro. Dei søker fjorden og fjella, som er så godt kjent i heile verda. Gjestane våre er godt vant med vindkraft lenger sør i Europa, og dei tilbakemeldingane vi får derfrå er ikkje positive. Dei melder om ødelagt natur og biologi, og om ein klimapolitikk som er i endring, der ein vil komme tilbake til kjernekraft. Vindkraft har dei etterkvart god erfaring med, men har no problemer med å finne aktører som vil satse på det i framtida grunna dårlig effektivitet. Eg er stygt redd for at om vindkraft planane på Snøheia blir realisert, så betyr det ei vesentlig endring for vår del, våre gjester vil reise andre stadar for å finne uberørt natur. I verste fall vil vi måtte nedbemanne eller flytte vår næring om dette blir ein realitet, og fleire med oss. 

Som Hydro påpeika, så er det strømprisane som er den avgjerdande faktoren her, og ikkje mangelen på straum for framtida av verket i Høyanger. Når skal statlige kraftselskap komme på bana med levelige prisar? Korleis veit vi at ikkje denne straumen og blir sendt videre, og kva skjer den dagen Tyskland får kjernekraften opp og går igjen, og ikkje er avhengige av å kjøpe frå naboen i nord. Då vil vi ha mykje energi, men ødelagte naturområder, og eit irreversibelt inngrep i dei flotte fjella våre. 

Fjell som ruver over ein av dei mest kjente og populære fjordane i verda. Sognefjorden blir omtala som «King of the fjords» og dette er ikkje uten grunn. Pr. august har det vært 700.000 turistovernattingar langs Sognefjorden i 2024, og i heile Vestland er samstundes nesten 6.mill. Høyanger er i oppstartsfasen med forhåpentligvis to nye fjelltrapper som vi vil skal være eit trekkplaster for besøk til kommunen vår, er det ikkje då litt naivt å bygge vindmøller og ødelegge denne utviklinga samstundes? Vil vi virkelig være den generasjonen som ødelegger denne flotte fjellkjeden, som ligg vegg i vegg med kjente verdsarv områder. Er det ikkje vår oppgåve å forvalte fjella på best mulig måte for våre etterkommarar.

Vi treng sjølvsagt Hydro i Høyanger, det er det ingen tvil om, men vi må og huske at vi er mange fleire dette berører. 

Så Petter; når du føler deg skvisa i denne saka, ikkje gløym at det er fleire arbeidsplassar i Høyanger kommune enn Hydro sine. Dersom det blir etablert vindpark på Snøheia vil det ha konsekvenser for andre sine levebrød.  

Agnethe Smelvær
Daglig leiar Borks Feriehus AS og Malena Kafè