Vil vurdere drift av Granden nærmiljøanlegg i Ikjefjord omgåande

Skrive av Kay-Ole Aven Ullebø
08.09.2022 12:16

Nærmiljøanlegget Granden i Ikjefjord har falle mellom alle stolar hos Høyanger kommune gjennom fleire år. No er anlegget delvis tilgrodd, og kommunen legg seg langflate for den manglande oppfølginga.

Granden i Ikjefjord har gjennom lang tid vore eit populært friluftsområde for både fastbuande, hyttefolk og tilreisande. Området vart bygd ut med fotballbane på midten av 70-talet, og fram til 2019 har det vore ein leigeavtale mellom Østerbø Grunneigarlag som eig området og Ikjefjord IL. Fra 90-talet og utover har området blitt omdefinert til eit nærmiljøanlegg, og nye fasilitetar som sandvolleyballbane, publikumstoalett og bordtennisbord har gradvis kome til. Då leigekontrakten med Ikjefjord IL, som har blitt ein del av Ikjefjord Bygdelag, gjekk ut, tok Østerbø Grunneigarlag kontakt med Høyanger kommune med ønskje om å inngå ein ny avtale med kommunen som leigetakar av området som kunne dekke kostnadar med å halde det velstelt og tilgjengeleg for allmen bruk. Søknaden til kommunen vart sendt 20. april 2020, men svaret let vente på seg.

Abonner på Ytre Sogn for å få tilgang til heile saka, og mykje meir!

plussText