Vil undersøke Sæbøtjørna - får pengar av fylkeskommunen

Høyanger kommune ønsker å undersøke Sæbøtjørna i Høyanger i sentrum grundigare. Til det har dei fått 125 000 kroner av Vestland fylkeskommune.


Sæbøtjørna i Høyanger sentrum ligg tett opp med Gråberget sin bratte fjellvegg, tett ved Høyanger sentrum. Kommunen meiner området har eit stort utviklingspotensiale og ønsker å gjere grundigare undersøkingar i vatnet.

– Tjørna har eit stort utviklingspotensiale til å bli meir synleg og meir brukt som eit område for rekreasjon og aktivitet, kan ein lese i fylkeskommunen sitt samandrag av søknaden.

Støttar med halvparten
Prosjektet har ein prislapp på 250 000 kroner der ein fagrapport vil koste 150 000 kroner. I prosjektet ligg også 50 000 kroner til administrative kostnadar og 50 000 kroner til bruk av fartøy og materiell.

I desember fekk dei også tilslag på søknaden til Vestland fylkeskommune om å få dekka halvparten av prosjektkostnadane, altså 125 000 kroner. Tilskotet er gitt gjennom ordninga «Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling», og fylkeskommunen meiner prosjektet treff ordninga godt.

«Søknaden treff ordninga godt samla sett. Intensjonen bak og arbeidet det her er søkt støtte til skårar mykje godt på stadutvikling. Avhengig av resultata frå arbeidet kan området bli ein attraktiv sosial møteplass for alle aldersgrupper. Klima og sosial utjamning er sentrale element både i arbeidet med miljø- og naturrapportering og i arbeidet vidare med å utvikla, planlegga og opparbeida Sæbøtjørna.»