Vil kutte ferjeprisane med 10 prosent

Regjeringa vil kutte prisane for å ta ferje med ti prosent i forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2021. Innan 2025 skal dei halverast.


Det melder NRK.

Planen har to trinn:

* I forslaget til revidert nasjonalbudsjett set regjeringa av 120 millionar kroner til å redusere ferjeprisane i 2. halvår i år. Av dette skal 55 millionar kroner gå til fylkesvegferjene og 65 millioner til riksvegferjene. Løyvinga skal sikre eit priskutt på 10 prosent.

* Dei neste årene skal kutta fortsetje med 10 prosentper år fram til 2025. Då er prisnivået halvert.

Fylka bestemmer
Kostnaden for eit kutt på 10 prosent er 240 millionar 2021-kroner når reduksjonen får effekt heile året. Det betyr at ei halvering vil koste staten anslagsvis 1,2 milliardar kroner per år.

Men samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) kan ikkje garantere at prisane vil bli kutta like mykje på alle ferjer. På fylkesvegsambanda blir det opp til fylka sjølve å bestemme.

– Vi legg pengane på bordet. Så må vi sjå korleis dei lokale prioriteringene er på dette, seier Hareide til NRK.

Han påpeikar at det også varierer frå fylke til fylke kor mykje prisene har auka dei siste åra.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.