Veninnegjengen har gitt 
kreftsjuke Hilde (41) nytt håp


- Då veninnene mine ønskte å setje i gang noko for å hjelpe meg sa eg først nei. Eg ville klare dette sjølv. Men no er eg veldig glad for at eg let meg overtale, og sa ja, seier Hilde Ullebø (41) til Ytre Sogn.

For sju år sidan måtte 41-åringen frå Høyanger fjerne begge brysta etter å ha fått diagnosen metastatisk brystkreft. Etter å ha vore kreftfri i fleire år kom sjukdomen igjen, og vart oppdaga på ein rutinekontroll på Haukeland i fjor haust, då med spreiing til lunge og eggstokkar. Ho fekk då beskjed om at ho ikkje kunne bli kurert.



Men Hilde Ullebø har ikkje gitt opp.

Ho har fått hormonbehandling, som blant anna har innbore at eggstokkene er fjerna. Men ho har valt å utsetje cellegift, som er det helsevesenet i Norge kan tilby som livsforlengande bhandling. Ho vil i staden reise til utlandet og prøve kurativ behandling, som ho veit har hatt godt effekt på andre.



Men det kostar.



- Vi såg etter kvart at Hilde hadde resignert, og då fann vi ut at no måtte vi gjere noko, seier Synne Catrin Øren om bakgrunnen for at ho og resten av veninnegjengen bestemte seg for å hjelpe, både med innsamlingsaksjon på Spleis og kjøp og sal-side på Facebook.



Og responsen har vore overveldande.

Les meir i neste Ytre Sogn!

Etter at Hilde Ullebø hadde vore kreftfri i fleire år kom sjukdomen tilbake. Det vart oppdaga under ein rutinekontroll på Haukeland i fjor haust.