Arvid «Abba» Fimreite har mang ein gong sett med uro opp i fjellsida mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen når han har køyrt forbi, og han plar å skynte seg så fort han kan på denne vegstrekka.
I dag fekk han oppleve grunnen til kvifor han er redd for dei bratte og steinfylte skråningane nedanfor fjellpartiet Ståpelen. – Eg kom køyrande frå Høyangersida saman med kona mi og barnebarnet mitt Emily på 19 år. Da vi nærma oss Hovdetunnelen såg vi at det låg ein stein i køyrebana vår så vi bremsa opp, og plutseleg smelte det ei diger steinblokk ned i vegen framfor oss i motsett køyrebane. Så kom det ei støvsky etter. Fimreite sette umiddelbart på naudblinken og byrja å rygge bakover i feil køyrefelt. Han traff raskt på ein annan bil, og saman rygga dei om lag 400 meter til innkøyringa til Kvernhaugtunnelen. – Vi traff også på ein tredje bil på vegen. Vi snudde ved Kvernhaugtunnelen og køyrde gjennom den utan å treffe på andre. Da vi kom til avkøyringa ned til Sandvika stoppa vi der for å varsle andre som kom køyrande, og snakke saman om det som hadde skjedd.
Bilturen til Arvid «Abba» Fimreite laurdag vart langt meir dramatisk enn han hadde tenkt. (Foto: Høyanger brannvesen / privat)
Arvid «Abba» Fimreite var sekund frå å bli tatt av raset
–⁠ Veldig skremmande
Arvid Fimreite kom skremmande tett på dei store steinblokkene som laurdag rasa ned i vegbana på fv. 55.