(Illustrasjonsfoto: Samferdsledepartementet)

Vegvesenet skal gå gjennom tunnelrutinar

Statens vegvesen skal no gå gjennom tryggleiksrutinar for tunnelar på riksvegnettet.


– Noreg er eitt av landa i Europa som har flest tunnelar. Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar, og norske tunnelar blir stadig tryggare. Statens vegvesen har rutinar for å avdekkje og førebyggje farlege hendingar i tunnelane. Men når det skjer hendingar som dei i Trodalstunnelen og Fjærlandstunnelen nyleg, er det naturleg med ein gjennomgang av rutinane. Vi har difor bede Statens vegvesen om gjere greie for og vurdere gjeldande rutinar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Nye tunnelar blir bygde med strenge krav til tryggleik for trafikantar, og det blir brukt store ressursar til å rusta opp eksisterande tunnelar. Sidan 2015 har Statens vegvesen hatt eit program for oppgradering av 140 riksvegtunnelar over heile landet. Dette er eit pågåande arbeid som i  hovudsak omfattar branntryggleik, redning og elektrisk utstyr i tunnelane.


– Prioritert
I perioden 2015-2021 har det blitt prioritert over 15 milliardar kroner til vedlikehald og fornying av riksvegtunnelar. Det har gjort at vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet har blitt redusert for første gang på fleire tiår.

I Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP) er det lagt opp til å nytte 11,4 milliardar kroner til fornyingstiltak i første seksårsperiode, som i hovudsak skal bli nytta til å innfri tunneltryggleiks- og elektroføresegnene på riksvegnettet. I NTP er òg vegprosjekt som erstattar tunnelar som ikkje tilfredsstiller dagens krav til tryggleik høgt prioritert. Det gjeld mellom anna E6 Megården–Mørsvikbotn i Nordland og E16 Arna–Stanghelle i Vestland.

Statens vegvesen har frist til 1. september med å gi tilbakemelding. Deretter skal Samferdselsdepartementet gå gjennom innspelet frå etaten.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.