Tre ras i morgontimane - alle vegar er no opne

I løpet av morgontimane har det gått tre ras i Høyanger kommune.


To av dei var på Fv55 mellom Høyanger og Vadheim, eitt på Hovden utanfor Vadheim, og eitt mellom Nordeide og Hovdetunnelen.

Det har også vore ras på Fv5586 mellom Ikjefjord og Brekke.

Alle vegane skal no vere rydda og opne for trafikk.