Ingeborg Sofie i samspel med kulturskulerektor Beate Kjølstad på piano.

Vakker kyrkjekonsert frå musikalske talent

Elevane ved kulturskulen i Høyanger markerte inngongen til julemånaden med ein flott konsert i Høyanger kyrkje torsdag.


Det har vore tradisjon for Høyanger kulturskule å samle elevane sine til ein konsert i Høyanger kyrkje i snart ti år, og torsdag stilte elevar frå heile nordsida av kommunen opp for å framføre julesongar og anna musikk til stolte foreldre, besteforeldre og andre i publikum.

Knappe 20 elevar spelte, litt færre enn planlagt, grunna mykje sjukdom.

Elliot trylla fram vakre tonar frå klarinetten, og er eit stort musikalsk talent. Han har ein travel konsertmånad framfor seg då han også spelar i Høyanger skulemusikk og med Fagforeningens Musikklag.

Sjølv om ein del songar vart spelt fleire gongar av ulike elevar vart det i aller høgste grad ein variert og innhaldsrik konsert frå dei unge talenta. Musikkskulelærarane Beate Kjølstad, Harald Dahlstrøm og Sjoerd Tolsma  er flnke til å skape interessante musikalske opplevingar og utfordringar for dei unge, og dei spelte også fleire songar saman med elevane sine.  Det er kjekt for både elevane, tilhøyrarane, og sikkert dei sjølve også.

Kalina frå Polen hadde stålkontroll på tangentane, og spelte «Przybiezeli do Betlejem» og «Tartantella». Kulturskulelærar Sjoerd Tolsma måtte få hjelp av musikaren sjølv til å uttale namnet på det første stykket...

God trening
Kulturskulerektor Beate Kjølstad var stolt av elevane sine då konserten var over, og trur dei får eit stort utbytte av å spele i kyrkja.

– Dei lærer mykje av å spele på ulike stadar, og her i kyrkja blir det litt ekstra formelt og ærbødig. Og når dei då spelar det dei har øvd på, og får applausen frå publikum, skapar det ei fin meistringsfølelse. Kyrkjekonserten er og noko dei ser fram til og øvar ekstra mot, så den gir nok ein liten motivasjonsboost no på slutten av året.

Kjølstad ser og verdien i at dei unge får spelt for kvarandre.

–  Sidan vi samlar elevar frå heile nordsida av kommunen her i dag er det jo mange av dei som ikkje har høyrt kvarandre spele før. Her får dei høyre kvarandre, og bli inspirert av kvarandre.

Frida er pianoelev hos Harald Dahlstrøm, men torsdag var det læraren sjølv som tok seg av tangentane medan Frida spelte kornett. Dei to framførte ein svingande versjon av «Bjelleklang» som kunne høyrt like godt heime i ein konsertsal i New Orleans som i ei kyrkje i Høyanger.

Inviterer til juleverkstad
Høyanger kulturskule har undervisningstilbod innan dans, musikk og visuelle kunstfag. Monika Stusdal Sagen, som underviser i visuelle kunstfag, var også tilstade under konserten som fotograf, og ho kan fortelje at det og er hektisk aktivitet i den delen av kulturskulen der ho har sitt virke.

– Vi har hatt haustutstilling i Høyanger samfunnshus der vi har jobba med fargar og former som vi assosierer med hausten, og som får oss i hauststemning.

Som for musikkdelen av kulturskulen er også visuelle kunstfag i ferd med å byte fokus frå haust til jul, og no i desember har dei eit ekstra tilbod som alle kan bli med på – også dei som ikkje er elevar i kulturskulen.

– Vi kjem til å arrangere juleverkstad tre gongar no fram mot jul som er open for alle. Så der kan dei unge i Høyanger kommune få komme og bli kjent med oss på visuelle kunstfag, og få lage noko fint med juletematikk i samme slengen. Det gler vi oss veldig til, og håpar mange har lyst til å bli med.

Kulturskulen i Høyanger har fleire tilbod, og eitt av dei er visuelle kunstfag. Elevane der har hatt haustutstilling i Høyanger samfunnshus, og no skal dei i gong med juleverkstadar som alle kan bli med på.